Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Sogndal: Frudalshesten og Frudalsbreen

Dato:
30.03.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:05t
Distanse:
12,2km

Populært utfartsområde for mange topp- og skiinteresserte. Parkeringsplass med skilt om Bratt Moro og parkeringsavgift. Frykta det værste med tanke på folkemengde men vart overraska. Møtte 5 andre på vei til toppen. Ruta er mykje brukt og det var gode spor heile veien. Skispor i svært bratte heng på begge sider av dalen. Pause og mat på Frudalshesten før vi labba mot Skjerdingane 1598. Etter nøye kartstudier vart fristelsen for stor og vi valgte nedkjøyring mot Frudalsfjellet og så bratt ned i dalen. Her bør det være gode forhold! Det var gamle spor ned ei renne, men desse såg vi ikkje før det var for seint. Glei eit stykke nedover i sida før vi fekk eit greitt parti ned. Hardt og skuggevendt nede i dalen. Glei nedover og knota oss ned nokre hamrar ved Tverrelvi. Ein overraskande >>>

Kart    

Norddal: Grønnvasshøi og Nibba

Dato:
29.03.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
8:30t
Distanse:
27,0km

Plukka opp Kroksleiven på Statoil Nordfjordeid 0830. Møtte Hege kl 1000 i Hamseviki. -17 i det vi starta men sola varma voldsomt og etter kvart vart det rett så triveleg. Lange dryge parti oppover mot Fremste Vikvatnet. Mellom dette og Skrådalsvatnet startar ein rygg som vi gjekk til Grønnvasshøi 1840. Stille og fint på toppen. Torleiv feira sin Sunnmørstopp nr 100. Lett vidare til Nibba SØ 1790 og Nibba 1818. Frå Nibba var vi spent på terreng vidare. Hadde med stegjern og isøks som vart brukt ned eit lite parti her. Ikkje spesielt bratt men snøen var knallhard med eit lite lag nysnø på. Ikkje stas å gli avgarde her. Damene tok pause medan Krokleiven og Boven gjekk til Nibba N1 og N2. Siste er topp i Norddal 50m-lista. På vei ned frå siste topp rauk enno ein Voile Switchbackbinding! >>>

Stryn/Luster: Raudskarvfjellet og Storenosa

Dato:
27.03.2013
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
9:30t
Distanse:
38,0km

Etter den hårreisande turen til Tindefjell Stryn: Argaste toppen i Nordfjord var kropp og sjel utladda og vi trengte ein kviledag. Tirsdag kveld sende eg melding til Kroksleiven ”Raudskarvfjellet og Storenosa, Statoil 0830”. Svaret eg fekk var i vanleg Kroksleivenstil utan oppfølgjingsspørsmål – ”Ok”. Dette er toppar som ligg på Jostedalsbreen og er svært lite besøkt. Mange passerer her på Josten på langs, men det er nok andre toppar lenger sør som er vanleg å plukke på den turen. Raudskarvfjellet ligg i Luster kommune. Storenosa er grensetopp mellom Stryn og Luster, og er ein viktig topp i den tidlegare omtala Strynelista. Meldingane var gode, men på vei mot Oppstryn var det snø i lufta. Det såg lysare ut lenger austover og vi bestemte oss for å klinke til. Dette var første skikkelege tur med fjellski. >>>

Kart    

Stryn: Argaste toppen i Nordfjord

Dato:
24.03.2013
Turtype:
Alpin klatring
Turlengde:
37:00t
Distanse:
22,0km

Sondre er ein kar eg tidlegare berre har hatt kontakt med på nettet. Sjølv om han er dobbelt så ung som meg har vi minst ei interesse felles. Fjelltoppar i Stryn. Denne lista har ein floke som krev litt meir enn ein tur på Skåla. Toppen er Tindefjell, og kalla Stor-Havalden. Ikkje mange har vore på klatretoppen, og iallefall ikkje vinterstid. Rett før påske tok Sondre kontakt og fortalde om planane sine for dei komande dagane. Meldingane var legendariske. Då Tindefjell kom opp som eit alternativ steig pulsen framfor dataen. Lise og eg var sjølvsagt meget interessert, og stilde på kort varsel. I tillegg dukka eit anna nytt bekjentskap opp. Garm (Gal Krokfot) var og interessert i denne meget potensvekkande toppen. Planen var å møtest på Jostedalsbreen Nasjonalparksenter søndag kl >>>

Sogndal: Steindalseggi, Steindalsnipa og Nyastølseggi

Dato:
23.03.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
7:05t
Distanse:
21,0km

Vi kjøyrde til Berge sør for Fjærland og parkerte på den store parkeringsplassen mellom tunnellane. Dette er same utgangspuktet som helga før då vi enda på Middagshaugen. Gjekk no forbi Fjellstølen og mot Storebotn. På ca 850 m tok vi bratt rett nord mot Nyastølseggi. Det gjekk forsåvidt bra men bratt og hardt gjorde det vanskeleg. Måtte av med skia siste meterane opp på kanten. Vidare til Steindalseggi 1510. Herifrå ned gode 100 høgdemeter før stigninga til Steindalsnipa/Steindalsbreen 1585. Elendig skiføre, isete, sastrugi og gjennomslag. Kan det bli verre? Tilbake på Steindalseggi var vi spente på forholda ned til Storebotn. Det vart dessverre ein skuffelse. Mykje gjennomslag og eit tynnt skarelag øydela den opplevinga. Likavel fin tur i eit veldig flott område. Med >>>

Kart    

Sogndal: Skredfjellet og Middagshaugen

Dato:
17.03.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
3:47t
Distanse:
11,0km

Turmål for dagen var liksom ikkje heilt bestemt. Vi kjøyrde frå Lote i godt ver i god tru. Frå Skei og innover mot Søgnesand var det ein lei vind og snødrev velta ned frå breane. Likare vart det ikkje når vi kom til Fjærland. Ein liten tur gjennom Frudalstunnellen for å konstatere at noko tur til Frudalshesten/Skjerdingane utgjekk. Tilbake gjennom tunnellen og parkerte på Berge. Eit anna par skulle i same retning og her hadde vore folk dagen før kunne dei fortelle. Kanskje var det muleg med Steindalseggi/Steindalsbreen. I stikrysset før Fjellstølen ga vi oss på dette og gjekk nordover mot Middagshaugen. Opp på ryggen og ein liten avstikkar til Skredfjellet. Vidare lett langs ryggen til Middagshaugen 1030. Mykje lei vind. Kanskje hadde det gått til 1500 meter om vi hadde satsa >>>

Kart    

Eid: Svartegga

Dato:
16.03.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:30t
Distanse:
9,6km
Kart    

Eid: Svartegga

Dato:
15.03.2013
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:06t
Distanse:
9,7km
Kart    

Eid: Svartegga

Dato:
13.03.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:30t
Distanse:
9,0km
Kart    

Førde/Naustdal: Kupefjellet, Klokkarhuva og Strupen

Dato:
10.03.2013
Turtype:
Randonnée/Telemark

Vi starta turen lengst inne i Angedalen. Kjøyrde til Botnen, på isete og dårleg vei 50 m forbi siste bebodde hus. Her er det parkering og infotavle for Naustdal og Gjengedal landskapsvernområde. Transportetappe over Botnavatnet. Tok nordover vest for elva mot Juvbotnen. Ca 300 bratte høgdemeter med skog og dårleg skiterreng. Vidare sørover mot pkt 898 og ryggen opp til Klokkarhuva. Enorm utsikt i alle retningar, Snønipa, Gjegnen, øyar utanfor Florø osv. Vidare lett til Kupefjellet -> Skruklefjellet -> Strupen. Kroksleiven konstaterte på siste topp brudd på bindingen. Tverrstaget over tåa var øydelagt, eit velkjent problem på Voile Switchbackbindingen. Har nesten mista trua på denne no, 3. gang dette skjer i vårt lille turlag. Det vart parallellsvingar på han nedover, >>>

Kart