Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Gloppen/ Bremanger: Frå Hyeneset til Metteneset på 4 dagar

Dato:
09.08.2007
Turtype:
Fjelltur

Ein turklassiker som vi ser mesteparten av frå kjøkenglaset. Hyeneset eller Skjerdalen er glimrande utgangspunkt for flotte turar, men det krev båt eller kajakk. Frå Hestenesøyra er det ikkje langt over. Her har vi padla ein gong vi skulle på dagstur til Hyeneshesten. Ein veldig flott tur. Dag 1: Denne gangen skulle vi lenger og hadde avtalt båtskyss frå Lote til Hyeneset, med retur Mettenes-Lote nokre dagar seinare. Med telt og utstyr for 4 dagar løyste vi svetten oppover mot Hyenestølen. Stien er stort sett god å finne, men ein plass gjer den ein brå sving til høgre som ikkje er god å sjå. Vil anbefale å ikkje gå heilt til støylen, men ta av oppover til under fjellet og så gå sørover mot Gåsebakkane. Vi telta rett nord for Gåsa. Med lett utstyr la vi i vei vidare mot >>>