Finnmark: Laksefjordvidda 2009 (26.06.2009)  6


Startsted Tana elv (70moh)
Sluttsted Tana elv (70moh)
Turtype Fisketur
Turlengde 280t 00min
Kart
Andre besøkte PBE'er Laksefjordvidda (300moh) 26.06.2009

Laksefjordvidda er eit område eg håpar å kome tilbake til. Lange turar utan stress og med godt fiske. I 2009 var den foreløpig siste turen, etter det har vel toppsamlinga tatt over.

Lise og eg vart plukka opp på flyplassen i Alta av 2 turmotiverte karar frå Kvænangen. Hallgeir hadde vi ikkje møtt før. Dette vart ein 12 dagers tur til/frå Tana elv. Min fjerde langtur på Laksefjordvidda. Gjekk første dag nordover mot Baisjavri. Stien er innteikna på kartet og går over Viddasoaivi. Mykje kaldt nordaver denne turen men likavel godt fiske. Vidare mot Miennajavrrit. Her miste Lise sin livs ørret i eit bikkjekaldt nordaver. Fantastisk område med småvatn, vikar og geniale fiskeplassar. Vidare nordover ei lang runde, det er berre å velge og vrake i eit utall vatn. Fisk til middag kvar dag, utan tilbehør. Enorm luksus! Som vanleg gjekk vi denne turen tidleg, då er insektproblematikken til å leve med. I tillegg er det svært lite folk å sjå.

Lise med pen middagsfisk!
Lise med pen middagsfisk!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.