Balestrand: Gottopphesten og Vardeggi (13.10.2013)


Startsted Nystølen (720moh)
Sluttsted Nystølen (720moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 5t 07min
Distanse 13,1km
Høydemeter 1100m
Kart
Bestigninger Gottopphesten (1492moh) 13.10.2013
Vardeggi (1405moh) 13.10.2013

Første tur frå Gaularfjellet, åpning av nytt område! Her kjøyrer ein opp til 700 moh, noko som gjer at det bør være aktuellt med veldig seine skiturar. Har alt blinka ut nokre runder til våren. Parkerte på rasteplassen aust for Nystølen og gjekk mot Gammalstølsbotn. Lett å gå til ca 1200 moh, herifrå litt meir stein og tidkrevande. Fulgte høgda nordaustover til Vardeggi 1406. Herifrå ned ca 100 høgdemeter til skaret før Gottopphesten. Frå skaret er det bratt oppover. Vi fann ei hylle som gjekk omtrent flatt søraustover før vi runda opp på kanten. Her var det varding eit godt stykke oppover. Meget fin dag på denne toppen med det artige namnet. Flott utsikt i mange retningar, spesielt artig å sjå Gjegnen langt der i nord. Kvamshesten var og lett gjenkjenneleg. Lang pause med god niste før vi rusla nedover igjen. 15 grader på Gaularfjellet når vi kom til bilen, ein fantastisk slutt på haustferien!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.