Folldal: Storhøe (24.06.2020)


Startsted Gruvsætervegen (875moh)
Sluttsted Gruvsætervegen (875moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 2t 26min
Distanse 12,6km
Høydemeter 767m
GPS
Bestigninger Storhøe (1603moh) 24.06.2020
Storhøe østtoppen (1604moh) 24.06.2020

Kjøyrde Gruvsætervegen til grinda der eg parkerte godt utav veien. Ikkje noko merking anna enn at det var forbudt å kjøyre vidare. Ei lokal dame eg møtte på returen sa eg hadde parkert fint, på høgre sida av vegen. Men dette er hverken parkeringslomme eller noko å registrere her. Ser no at det er justert stinettet litt i forhold til kartet eg har på GPS. Gjekk til den vestre sætra, det var feil. Frå den austre er det eit stidele og merka innover med raude pålar, Rute 3. God sti, delvis overvokst med pors og bjørkekratt men ikkje vanskeleg å følgje. Vesttoppen er angitt med høgde 1607 her. Det synest eg er merkeleg, på hoydedata.no finn eg vesttoppen til ca 1603,5 og austtoppen til ca 1604. Skal du hit må du uansett gå på begge! Lett jogg tilbake til bilen og retur til Lote etter 5 dagar i Hedmark.

Denne står på vesttoppen.
Denne står på vesttoppen.
Varden på vesttoppen, mot dagens første tur til blant anna Einståkåhøi. Kolla til høgre for varden
Varden på vesttoppen, mot dagens første tur til blant anna Einståkåhøi. Kolla til høgre for varden
Mot austtoppen
Mot austtoppen
Søraustover mot Sølnkletten
Søraustover mot Sølnkletten

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.