Sunndal: Kleppen, Knubben og Hjellbønebba (25.06.2018)


Startsted Ljøsåa kraftverk (75moh)
Sluttsted Ljøsåa kraftverk (75moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 6t 57min
Distanse 17,4km
Høydemeter 2075m
GPS
Bestigninger Hjellbønebba (1557moh) 25.06.2018
Hjellbønebba N (1538moh) 25.06.2018
Kleppen (1534moh) 25.06.2018
Knubben (1533moh) 25.06.2018

Møre og Romsdal pf 100 1106/1160
Parkerte ved Ljøsåa kraftverk. Her er veldig god plass til mange bilar. Gjekk den bratte veien oppover til endes. Her er det merka med ein liten varde bratt opp skråninga og inn i skogen. Vidare utan sti gjennom lauvskog over skoggrensa. Skodda var tett og trykkande, men etterkvart kom eg over denne. Første topp var Kleppen 1534. Kasta eit blikk bort på Knubben 1530 og vurderte litt. Kva er høgaste her? Sjekka GPS på Kleppen, stabilt 1527. Vidare til Knubben der den viste stabilt 1529. Man kan alltids lure på kva som er høgast, eg er usikker. Skal du hit så gå på begge! Så var det å dukke nedigjen i skodda til Ljøsåvatnet på 1050, og seige 500 hm oppigjen til Hjellbønebba. Her var det overraskande greitt å gå sjølv om det var bratt. Ikkje stor grov ur. Flott tur, sjølv om skodda låg stabilt frå ca 1200 og nedover.

Kleppen mot Hjellbønebba
Kleppen mot Hjellbønebba
Toppvarde på Kleppen, som kanskje er høgare enn Knubben?
Toppvarde på Kleppen, som kanskje er høgare enn Knubben?
Frå Hjellbønebba mot Skrondalsnebba og Jønnstadkollen
Frå Hjellbønebba mot Skrondalsnebba og Jønnstadkollen
Tilbakeblikk mot Kleppen og Knubben
Tilbakeblikk mot Kleppen og Knubben
Toppvarden på Hjellbønebba, vi ser sørover mot fjellriket.
Toppvarden på Hjellbønebba, vi ser sørover mot fjellriket.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.