Bergen: Løvstakken (24.11.2017)


Startsted Damsgårdveien 73 (2moh)
Sluttsted Damsgårdveien 73 (2moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 2t 17min
Distanse 7,1km
Høydemeter 550m
GPS
Bestigninger Løvstakken (478moh) 24.11.2017
Ravnefjellet (300moh) 24.11.2017
Friskt på Løvstakken
Friskt på Løvstakken
Fransk jente. Fekk brukt den begredelige engelsken min.
Fransk jente. Fekk brukt den begredelige engelsken min.

Mine brødre var på jobb og studier, eg brukte dagen til ein tur på Løvstakken i roleg tempo. Rota meg oppgjennom bebyggelsen frå Puddefjorden til eg fann eit skilt med Løvstakken. Snø så og si frå fjorden men auka ikkje på veldig oppover mot toppen. Passerte eit par karar som ikkje var interesserte i prat. Då var det meir fart i den franske jenta som stod på toppen. Sidan eg ikkje snakkar fransk vart det engelsk. Bra med vind og ganske friskt på toppen. Tok eit utall bilder av jenta med mobilen hennar, og så slo vi følge nedover til ho ville ete nista si. Takka for følgjet og rakk akkurat sprintfinalen i Ruka der Johannes Høsflot Klæbo imponerte stort. Fin trimtur frå Bergen.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.