Stryn: Bergsetnakken (18.11.2017)


Startsted Vangen (459moh)
Sluttsted Vangen (459moh)
Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 3t 30min
Distanse 7,6km
Høydemeter 680m
GPS
Bestigninger Bergsetnakken (1133moh) 18.11.2017
Fint tre på vei oppover
Fint tre på vei oppover
Gard
Gard
Ovlar og boven på Bergsetnakken
Ovlar og boven på Bergsetnakken
Pause i nedkjøyringa
Pause i nedkjøyringa

Reunionhelg for studenter og andre fanter frå Voldatida. 7 stk møtte opp på hytta på Vangen. Det var mykje nysnø som frista til topptur på laurdagen. Alle 7 kom opp i tillegg til hunden Chicco. Vi gjekk opp langs heisen vest for hoppbakkane og inn på ein skogsvei. Denne var heilt vekkvaska etter den store flaumen her for nokre år sidan. Ikkje sjangs å komme over. Måtte opp eit granfelt nokre få meter før terrenget åpna seg opp. Ikkje vanskeleg. Karen med traktor og brøyteansvar ringde oss undervegs. Vi skulle gått lenger vestover i retning Bergsetstøylen frå skistadion før vi tok oppover. Tips er å følgje sætrevegen mot støylen og ta av der. Trygg og fin tur til Bergsetnakken. Ganske surt på toppen og dårleg sikt for nedkjøyring. Likavel fine svingar nedover i herleg nysnø. Avslutta med badstu, bacalao og ei god dose rølprat.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.