Sarek: 12 dagar villmark 2008 (15.07.2008)  6


Startsted Ritsem
Sluttsted Suorva
Turtype Fjelltur
Kart
Bestigninger Ahkka vesttopparna (1780moh) 15.07.2008
Ahkka vesttopparna nord (1725moh) 15.07.2008
Boajsatjåhkkå (1726moh) 15.07.2008
Låddebakte (1537moh) 15.07.2008
Rådnik (1550moh) 15.07.2008
Rådnik nord for (1526moh) 15.07.2008
Rådnik sør for (1545moh) 15.07.2008

Denne sommaren hadde vi 5 veker nordover. Først gjennom Sverige og Finland til tur på Laksefjordvidda Finnmark: Laksefjordvidda 2008 saman med Trond-Are TrondAre (Trond-Are Michelsen). Etter dette fekk Lise problem med akilles og vi måtte roe ned i Tromsøområdet med Store Blåmann og innkjøp av nye fjellsko. Valget vart La Sportiva Elk som fungerte glimrande for ho i Sarek. Turen var ein villmarkstur, ikkje ein samle-toppar-tur, men nokre få avstikkarar til tilfeldige toppar vart det. Kjøyrde til Gällivare og den endelause grusvegen innover til Ritsem. Ritsem var ikkje noko plass å bli glad i. Ovarnatta i telt der og tok båten tidleg om morgonen. Lite som minna om villmark og nasjonalpark her.

Vi hadde pakka mat for 14 dagar. Sekkane vart jævla tunge, sidan fiske ikkje er eit tema i Sarek. All mat må bærast med. Etappane var dryge men til å leve med, sekkane vart lettare dag for dag. Patrik og Tobbe som vi møtte undervegs hadde vore fleire turar i Sarek. Dei kunne fortelje om forferdelege veropplevingar. Første gongen hadde dei hatt med seg 2 damer, dei trudde at "vi kommer at dø her inne!" Vi var derimot ufatteleg heldige med veret. 12 dagar, ein kviledag med litt ruskever. Den brukte vi til kaffi, lesing og topptur til Låddebakte. Ellers var det sol og flotte temperaturar. I Rapadalen var det nesten for mykje, med høg temperatur og mykje insekt.

Nest siste dag gjekk vi oss på ein svensk familie på 4. Far var den store drivkrafta i denne ekspedisjonen. Dei hadde vore i Sarek ein gong før. Då kjøpte dei telt på JYSK til 399,-. Det holdt på å gå gale. Denne gangen hadde han investert i Hilleberg, men sjølvsagt kjøpt på nett frå USA til halve prisen. Vi mista kontakt med dei etter ei elvekryssing, men han hadde fått tlfnr til Lise og på vei mot Gällivare tikka det inn melding "Vi har bookat in er". Avtalen var å møtest på Storfors. Der fekk vi oss dusj og god mat, samt litt sosialt påfyll.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.