Rauma: Remmemsbrøstet, Svarttinden og Tua (11.05.2017)
Startsted | Slettali (250moh) |
---|---|
Sluttsted | Slettali (250moh) |
Turtype | Fjellskitur |
Turlengde | 9t 28min |
Distanse | 40,0km |
Høydemeter | 2000m |
Kart |
Bestigninger | Remmemsbrøstet (1556moh) | 11.05.2017 |
---|---|---|
Remmemsbrøstet sør for (1478moh) | 11.05.2017 | |
Svarttinden (1587moh) | 11.05.2017 | |
Tua (1693moh) | 11.05.2017 | |
Tua sør for (1569moh) | 11.05.2017 | |
Tua sørvest for (1673moh) | 11.05.2017 |
Møre og Romsdal pf 100 1025/1156
Sjekk Jan Petter sin tur for GPS-spor https://peakbook.org/JPV100/tour/209932/Svarttinden+og+Tua.html
Første dag på eit 3-dagersraid med basecamp Isfjorden. Jan Petter var svært interessert i desse toppane så tok seg ut ein feriedag og vart med. Skibæring eit kvarters tid oppover veiane, vidare på svært godt skiføre heile dagen. Hardt og lettgått, berre å ose på. Gamle skispor mot Dønttinden, men vidare innover var det jomfrueleg snø. Frå 1672-toppen som var den siste, hadde vi ein liten ide om å plukke 1549-toppen pga pf veldig nære 100 meter. Det hadde vi nok fått til, men vi vart enige om ikkje å nerde til ein slik fin tur med noko tullete greier. Den skal med i eit anna prosjekt frå Trollstigen. Litt opp og ned frå Remmemsbrøstet mot Tua. For å sleppe dette på heimveg hadde JP ein plan som fungerte utmerket, å renne ned nord for Svarttinden og ut Remmemsdalen. Vi spanderte på oss noke hurtiglider, men det skal ikkje stikkast under ein stol at litt gliding av ski hadde gjort susen no i vårsløshen. Dette var ein kjempeflott tur til ukjende og lite besøkte toppar.
Kommentarer