Aure: Ormbostadfjellet (14.04.2015)


Startsted parkering Imarbu (60moh)
Sluttsted Parkering Imarbu (60moh)
Turtype Fottur
Turlengde 0t 39min
Distanse 2,2km
Høydemeter 250m
Kart
Bestigninger Ormbostadfjellet (328moh) 14.04.2015

Hadde grubla litt på denne. Resultatet vart å prøve brattaste og kortaste veien. Parkerte på parkeringsplassen til Imarbu. Terrenget såg spennande ut. Gjekk inn ei avkjøyrsle på andre sida av vegen og fulgte ein sti ca 100 meter. Tok av bratt rett opp, litt klyving langs ein liten bekk før eg var oppe på kanten. Så var det berre å sikte seg inn sånn ca mot toppen. Såg den ikkje, mykje skog. Vinden ruska godt, men det ufyselege veret før på dag hadde tatt ein pause så dette var reine koseturen. 20 minutt frå parkeringa til toppen. Ein stein på høgste punkt, ellers ingen markering, kasse eller bok å sjå. Denne er nok lite besøkt. Retur samme veien. Lise starta rett etter at eg kom ned, kunne gå på ruta på klokka. Vinjar fekk sleppe denne. Vi overnatta på parkeringa. God mat, drikke og litt Peakbook-røling utover kvelden.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.