Rauma: Store Venjetinden (14.09.2014)


Startsted Venjesdalsvatnet (540moh)
Sluttsted Venjesdalsvatnet (540moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 5t 30min
Distanse 7,7km
Høydemeter 1350m
Kart
Bestigninger Store Venjetinden (1852moh) 14.09.2014
Lystig gjeng på Store Venjetind
Lystig gjeng på Store Venjetind

Skodda låg tjukk i Venjesdalen då vi starta å gå. Håpet var at det skulle lette eller at vi kom over den. Fann stien som startar ved ein stein med raudmåling på ved Venjesdalsvatnet. God sti oppover mot skaret på egga. Vi kom over skodda her og hadde eit fantastisk skue i alle retningar. Det er ikkje vanskeleg oppover men mykje sva. Heilt greitt at det var tørrt denne dagen. Ein del varding gjer det greitt å finne fram. Eit stykke før toppen går det varding mot høgre, denne skal ein ikkje følgje. Hald godt til venstre mot kanten oppover. Rett før toppen eit lite klyveparti med veldig gode tak. Lang god pause på toppen, Andreas kunne feire som "Fjellkonge". Retur samme vegen, tilbake ved bilane ca 1530. Janne og eg tok laust mot Romsdalshornet ein halvtime seinare. Rauma: Romsdalshornet - Halls renne

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.