Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Klemsbu i whiteout

Dato:
21.03.2026
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
4:09t
Distanse:
14,5km

Gjekk til Klemsbu i whiteout. Såg ein pinne av gangen. Overfylt inne, men deilig med vaffel og toddy. Så ned igjen i same kvite forhold. Nede på isen igjen hadde det lysna igjen, og Anne og eg gjekk nokre idiotkilometer på vatnet. 14,5 km, 467 hm, 4 timar og 11 minutt. Knut, Anne og Erich var med.

Kart    

Jøkelhytta igjen

Dato:
20.03.2026
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
4:09t
Distanse:
16,6km

Kom med toget frå aust kl 1234, og var på ski kl 1330. Det var flott sol og varmt, men idet vi gjekk inn i skuggen ved Appelsinhytta kom det kaldere vind frå breen. Det var berre å kle på seg, og siste bratte strekket bles det hardt med snø som rauk av underlaget. Sju av åtte kom heilt opp. Vi spiste og drakk inne i hytta og starta på nedturen. Nokre tok av seg skia, og alle kom seg vel heim. 16,6 km, 667 hm, var borte i 4 timar og 11 minutt. Tom, Knut, Svein, Erich, Anne S og Anne H var med.

Kart    

Gjegnen - ei kraftanstrenging

Dato:
11.05.2025
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
10:35t
Distanse:
25,0km

Årets vårskitur blei lagt til Gjegnen, og i år fekk Anne og eg med oss Knut. Kjekt med breekspert når vi skal våge oss ut på bre! Vi køyrde frå Sandvika kl 0900, og etter to ladestopp med proviantering, starta vi å gå frå parkeringsplassen over Hope kl 1815. Det var verkeleg ei veldig bratt og tøff oppstigning med skia på sekken. Snøføre fekk vi ikkje før ved 840 hm. Det var deilig å få på skia, og fint å labbe oppover med helfell. Mellom 21:30 og 22:00 var vi oppe ved Gjegnabu, då hadde vi gått i 3 timar og 18 minutt. Og på Gjegnabu møtte vi to peakbookarar som hadde gått på Gjegnen same dag direkte etter å ha gått dei tøffe 5 km og 1100 hm opp til hytta. Det står det respekt av! Vi var veldig glade for å kunne kvile ut ei natt før vi tok fatt på sjølve fjellturen. >>>

Vesle Nup - draumedag

Dato:
18.04.2025
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
3:08t
Distanse:
15,0km

Gjekk på beina opp lia frå Haukeliseter. Brukte litt tid på å stokke mannskapet, men eg endte med å gå til Vesle Nup med Svein og Ingunn, medan mann, dotter og nybyrjarpartner gjekk ein liten tur i køyrde spor. Neste vindstille, nesten skyfritt. Fin temperatur. Følgde mange andre nesten i kø opp til toppen. Supert føre, men gjekk på tynne langrennski for hadde opphavleg tenkt å gå i dei fine køyrde spora. Men i dag var det ikkje noko problem å renne ned på langrennski, sjølv om det starta å bli litt blautt på tilbaketuren. Fantastisk fin liten topptur! Veldig grei trasé både opp og ned, nydeleg toppunkt der mange fine kjenningar kunne identifiserast: sandfloegga, Nupsegga, Hårteigen, Vassdallsegga og Kistenuten. Gjekk veldig greitt tilbake også. 3 t 10 min, 727 hm, 15 >>>

Kart    

Tredje Rust-tur i år - på ski og beina

Dato:
14.04.2025
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
3:30t
Distanse:
9,0km

Gjekk på beina frå Valedammen til Skor og runda Listaulnuten før eg kunne sette på skia. Gjekk myrane og lia bort til hytta på Gåsevatn der eg hadde ein prat med Øyfrid og Viggo. Så opp Gåsevassdalen der eg måtte av med skia to gonger pga open bekk. Rasta i Skavlen bak Rust som vanleg. Gjekk opp til venstre for toppen, det siste stykket på beina. Litt vind, men herleg pause likevel på toppen. Sette på meg skia og køyrde ned på framsida så lenge det var snø i renna der. Bar så skia ned til myrane over Skor. Gjekk derifrå på ski myrane ned til Skor og Dukan ut mot bekken. Då eg kom ned til Skorsvegen rett ovanfor der stigen til Bratsberg tar av, tok eg av skia og starta på nedturen til fots. Møtte Tom som kom for å møte meg. Vi gjekk saman ned til bilen. Den Rust-turen >>>

Kart    

Storegrønut

Dato:
12.04.2025
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
5:30t
Distanse:
18,0km

Kart    

Hardangerjøkulen igjen

Dato:
06.04.2025
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
5:30t
Distanse:
23,5km

Etter flott langtur i går, frå Finse gjennom Kyrkjedøri til Geiterygghytta og tilbake via omnsvatnet til Finse, var eg litt mør då eg starta turen mot Jøkelen i dag, sundag. I går var det skyfritt og vindstille, med temperaturar rett under null, i dag var det også skyfritt, men vi hadde noko vind frå vest. Dessutan panserføre, og eg var open for å snu om det blei for slitsamt å gå på den knallharde skaren. Men etter ein liten pause på Appelsinhytta, følgde eg med dei i gruppa som ville vidare, og kom meg opp til Jøkelhytta utan altfor store problem. Men i det siste bratthenget tok eg av skia, for det var så hardt at det var vrient å kante skia, og halvfellene sat ikkje godt nok. Vi åt niste på Jøkelhytta, og gjekk så med sur vind rett mot over breen. Eg var den einaste >>>

Kart    

Bislingflaka og rundtur

Dato:
28.03.2025
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
3:12t
Distanse:
23,7km

Starta på Svartbekken, etter tips frå Skifluenseren Nils Hovelsrud som eg møtte då eg starta, tok eg løypa til Flisbanen. I motsetnad til han gjekk eg vidare til Myllsdammen og så hovudløypa til Ålsjøvika. Derifrå gjekk eg Formoløypa opp til Bislingen. Tett skodde der oppe, dessutan litt vind. Stort sett greitt føre, men ganske hardt og skittent innimellom oppover. Toppunktet var bart! Nedover mot Gjerdingen var første delen litt småhard og skitten, men sistedelen av traseen ned til Sandbekkhytts var nykøyrd og lekker. Gjekk så langs Gjerdingen tilbake. Før Fjellsjøen var høgdedraget utan snø, så måtte bere skia i 200-300 meter. Greitt etterpå tilbake til Svartbekken. 23,7 km, 571 hm, var ute i 3 timar og 12 minutt. Gjekk aleine i mildt gråvær. Kanskje siste tur i Nordmarka >>>

Kart    

Andre Rust-tur i år

Dato:
22.03.2025
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
5:00t
Distanse:
20,0km

Tom og eg bar skia på skaren frå Valedammen til forbi Bratsberg. Der tok eg på fjellski m feller og Tom fjellski med klister. Vi gjekk forbi hytta ved Gåsevatn der vi snakka litt med Øyfrid og Viggo; vi var samde - sjølvsagt - om at det var ekstremt lite snø i år. Opp Gåsevassdalen og runda så opp i retning Skavlen i dalen bak Rust. Vi skremde opp ein flokk orrfugl, truleg den same som eg gjekk på i februar, dei var omtrent akkurat på same staden. Vi åt niste i Skavlen, og så gjekk vi opp til under toppen der vi gjekk frå skia og gjekk på beina med stavar på hard skare og delvis bart. Vi var først på høgaste toppen og då bortom mobilbua der vi kosa oss litt i solveggen med litt meir le enn på den andre toppen. På veg ned møtte vi eit par som hadde gått på trug frå >>>

Kart    

Raudsinutan på ordentleg

Dato:
21.03.2025
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
5:00t
Distanse:
27,5km

Gjekk frå hytta ca kl 10:00. Panserføre, skyfritt og vindstille. Gjekk på klister, og det var heilt rett. Smurde på nytt då eg skulle starte på klyvinha opp frå Breivatn. Hadde gått Gjevarisen inn og det glei fint, men isen sleit på klisteret. Spikerfeste opp til Stavatjønn. Gjekk bort flata og opp til Gjeslemo. Der tok eg av frå det køyrde sporet, og gjekk inn dalen til Maurdalstjønni og vidare opp Maridalen til riset under Raudsinutan. Eg åt niste i bakken der det første skaret går opp til høgre. Der har eg gått før, og kom då opp på ein av toppane, men skjønte då eg stod der, at det ikkje var høgaste punktet. Har hatt dårleg samvit for å ha logga den som Raudsinutan! Den gongen såg eg eit bratt skard og ein nut med varde lenger mot sud. Så i dag prøvde eg å >>>

Kart