Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Vinterferietopp

Dato:
27.02.2016
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
20,0km
Kart    

Andre gong på Vassdalseggi

Dato:
15.05.2015
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
22,0km

Ny kjempedag på Haukelifjell. Starta i gruppe med Stavanger turistforeining kl 0930. Så varmt allereie at vi på teknisk pause etter 10 minutt måtte av medytterjakker og lue. Så vi gjekk i trøyer på nordsida av Kistenuten og opp til Lisledalen. Førre gongen Tom og eg gjekk her på ski var elva ned frå Dalen lett identifiserbar under snøen, og på sommarturen vi tok hit for eit par år sidan, var jo dette ei stor stri elv som vi strevde litt med å krysse. I dag var den heilt borte, berre ei fin glatt snøflate. Så det er mykje snø i fjellet! Vi tok på feller der vi byrja den bratte oppstiginga mot egga, og beheldt dei på til vi var oppe på "taket". Vi hadde fin rast etter at vi hadde kome opp den første dryge bakken før vi byrja å gå den eigentlege egga. Turleiaren >>>

Kart    

Sandfloeggi i optimale forhold

Dato:
14.05.2015
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
10:00t
Distanse:
38,0km

Vi var fire som starta ved parkeringsplassen ved Ulevå kl 0930. Etter ei natt med minusgrader starta vi på skare som eit Gol, heilt vindstille og ikkje sky på himmelen. Tom og eg gjekk på feller til der løypa tar av mot Vesle Nup. Det var 4 km og 300 høgdemeter. Stort høgdepunkt å få inn ein reinflokk frå høgre som delte seg i to. Den eine dele kryssa løypa framfor oss, den andre heldt seg til høgre og forsvann over ei høgd bak oss. Herleg! Ved Mannevatnet kortslutta vi litt og følgde stikka løype for langt, slik at vi måtte krysse over ein kam for å kome tilbake sør for Poddevatn og inn på Holmesjøen. På ein bar odde rasta vi i tørr lyng og ryggen mot slett berg. Nupseggi sett frå Holmesjøen er verkeleg eit dramatisk og flott syn. Føret var framleis heilt perfekt, >>>

Kart    

Andre dag over Jøkulen i sol og vindstille

Dato:
19.04.2015
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
5:00t
Distanse:
23,0km

Andre dag på Finse passa godt for tur på Jøkulen. Sol og vindstille. Tok på fellane ved Appelsinhytta. Det klabba i dei i dag! Er dei skitne eller noko tru? Eg gjekk opp i berre trøya, og vi rasta ute i sørveggen. Omtrent ikkje vind i det heile over jøkulen. Godt underlag ned alle bakkane, men som vanleg bakglatt over Finsevatn heim. Knut, Dagfinn, Ellen og Olaf var med.

Fast helg med gamle kollegaer - to flotte dagar på Finse

Dato:
18.04.2015
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
27,0km

Vi trefte Skarverenn-helga i år, men det gjorde ingenting Moro å få sjå eliten opp dei første bakkane. Vi tok av løypa deira på det første platået, og gjekk til Flakavatnet og så gjennom Kyrkjedøri. Sol og litt vind, godt føre, vr 50 heile dagen. Vi gjekk ein liten runde bakom der og tok så opp gjennom og det skaret som ender heilt nord i Flakavatnet. Så heldt vi mot vest og gjekk opp Flakavassfonni som eg trur den heiter. Vi kom då opp mellom to av Flakavassnutane, og derifrå rann vi ned og så opp til Sanjt Pål. Vaffel på Klemsbu og så ned til Finse. Olaf, Knut, Ellen og Dagfinn var med.

Kart    

Hedmarkstriangelet - dei første toppane i Hedmark

Dato:
12.04.2015
Turtype:
Fjellskitur

Tidleg påske og flotte skiforhold i fjellet motiverte til å reservere denne sundagen til ein skitopp. Valet fell på Hedmarkstriangelet, tre toppar kunne kanskje forsvare dagstur frå Oslo? Kom frå byen kl 0900, bra til å vere meg, men tulla med køyringa, for dårleg bilkart og fomla med den nye gps'en i bilen. Eg skulle ha tatt av der det sto Brumund sag, men køyrde rett fram og havna til slutt ved Mesnali, og derifrå visste eg ikkje om det var tversovervegar, så eg køyrde attende, spurde meg for og fann ein tversoverveg forbi Veldre skistadion til bommen ved Brumund sag. Hadde ikkje 105 kr i cash, ei heller penn, og luka var ikkje betjent, så eg feide innover utan å betale....Det var mykje lenger oppover enn eg hadde tenkt, fleire mil, så då eg kom til Skvaldra blei kl 1230 før >>>

Kart    

Påskeklassikaren

Dato:
04.04.2015
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
5:30t
Distanse:
24,0km

Ny flott påskedag. 10 minus i dag tidleg og blank himmel. Starta kl 1015 frå hytta. Gjekk på ski til Dammen, bar skia til myra før Gåsevatn, så Gåsevassdalen opp og rundt Rust. Kom opp nordfrå. På toppen møtte vi to bygdekjenningar. Rasta på sjølve toppen i le bak "Høna". Fint når sola var framme. Litt kaldt når det glei småskyer framfor sola. Køyrde ned på baksida og møtte broren min med to av barna og kone på veg opp. Vi heldt mot vest og køyrde ned til Skardstaul der vi tok til høgre opp skardet og etter kvart kom vi til Hovdestaul. Derifrå ned til Bøle, ned ekrene og skogen og så ut på Gjevarvatnet og isen heim. Bakglatt dei siste 9 km, men god glid over isen. Var heime 1545. Ca 24 km. Torunn og Uncas var med.

Kart    

Vind på Storegrønut

Dato:
01.04.2015
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
20,0km

Skitur med Tom og Uncas. Køyrde til Vinsvål, gjekk opp Røynbrekka og via Vorvatn til rett under Storegrønut. Der rasta vi med vindsekken som levegg. Så opp til toppen, dei siste metrane på beina. Dette var første gong der oppe for Tom. Litt synd med svært sterk vind og litt overskya, men utsikten var vid og flott. Vi gjekk rundt toppen mot vest og sør før vi rann ned Bjålandsdalen og gjekk Kjerringdalan tilbake til rasteplassen og så heim att. Litt vrient føre, ikkje ordentleg skare og tørr snø og frosne spor frå i går - der vi hadde spor. Dryge 20 km.

Kart    

Lenge planlagt - fint gjennomført

Dato:
28.03.2015
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
20,0km

Påska starta med besøk på hytta til Finn på Vaset, og besøket var planlagt med kommunetoppen som viktigaste program. Vakna til sol, blå himmel, vindstille og 5 minus. Køyrde til Buaråne og parkerte. Følgde skutespor over vatnet og rundt til Bukono-stølen. Litt lenger fram tok vi av oppover i bjørkeskogen. Opent lende, 5-10 cm nysnø, pussig nok tendensar til klabbing. Vi gjekk opp til den første varden og følgde vardane vidare til Gråkampen. Då hadde vêret endra seg, og vi hadde ganske kraftig vind. Heldt fram til toppunktet, måtte ta på meir klede, fint å vere oppe. Den nye kassa med ny bok mangla framleis penn, det burde vi ha tenkt på etter å ha lese Ole Petter sin rapport. No svært kraftig vind, hunden bles nesten av toppen. Prøvde å raste inne i vindsekk eit stykke >>>

Kart    

Mælefjell

Dato:
21.03.2015
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
21,0km

Har drøymt om denne lenge. I dag hadde vil kuldegrader, strålande sol, skare under og nysnø frå i går. Noko vind var meldt, men det løya utover dagen. Vi køyrde til Natadal og kosta på gjennom open bom. Men eit lite stykke oppi der låg ei gran tvers over vegen, så bilen blei parkert ved bommen. (Det var bra, for då vi kom tilbake, var bommen låst.) vi gjekk og bar skia langs vegen heilt til Juvet, det er der vegen kryssar bekken og svingar opp mot aust i lia over bekken. Så gjekk vi med fellar oppover til Mælstaul. Nydeleg plass. Meir og meir nysnø frå dagen før, og frå staulen og opp Tjønnskar var det kanskje 10 cm tørr nysnø. Vi gjekk skaret opp til vi såg Rusttjønnan. Møtte ei lokalkjend dame med hund, som sa at dette skaret er rasfarleg under andre forhold, men ikkje >>>

Kart