Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Mellom to ferger

Dato:
17.07.2014
Turtype:
Fottur

Kom med ferga frå Judaberg til Eidssund. Køyrde så til fergeleiet i Skipavik. Ikkje rare greiene, og to timar til neste båt. Mamma gjekk difor med på å køyre til Seltveit og vente i bilen medan eg gjekk til topps. Ho ville ta seg ein lur sa ho. Så eg fann greitt skiltet med Bandåsen etter å ha tatt skogsvegen frå tunet. Gjekk raskt opp på 25 minutt. Bok og selfie og litt beundring av fabelaktig flott rundsyn, og så nedatt på 20 minutt. Ikkje så mykje å tene på nedoverbakke, for stigen var jamnt bratt, og steinane var glatte etter regn i føremiddag. Rein bonustur. Mamma hadde sove heile tida.

Kart    

Tur to og tre i Rogaland var minneverdige

Dato:
16.07.2014
Turtype:
Fottur

Super dag i Rogaland. Dagen starta med Utstein kloster som var ei stor oppleving. På tide å få med seg dette kulturminnet. Mor på 82 var motivert for ein liten topptur, så vi køyrde over til Rennesøy, følgde vegen til Dale og så opp til Sel. Nydeleg lyngheilandskap og svært godt merkt stig. Senior stoppa på siste platå før toppen, medan eg for fram og tilbake på 15 minutt eller så. Herleg utsikt! Kulturlandskapet er verna, og det er vel fortent, for det er verkeleg heilt spesielt. Ettermiddagen tenkte vi å bruke på båttur til Kvitsøy. Framme ved fergeleiet oppdaga vi at vi hadde 50 minutt på oss. Mora mi måpte då eg valde å bruke den tida på å finne Randabergs høgaste. Rota ein del utan ordentleg kart, men køyrde til slutt opp til ein gard som såg ut til å ligge >>>

Kart    

På veg frå Sandefjord til Oslo

Dato:
30.06.2014
Turtype:
Fottur

På veg frå legetime (akilles!) i Sandefjord køyrde eg indre veg, for eg hadde sett meg ut den stuttaste turen av dei to eg manglar i Vestfold. Tok Damtjernvegen frå riksveg 312 mot Hof. Skulle altså ta toppen frå nord. Fann bomveg, og gjekk så raskt eg kunne oppover vegen. Fann etter kvart to skilt der det stod "Snipen". Skar oppover på gamle (gruve?)vegar, og følgde etter kart ein rygg oppover. Slumpa borti ein oransjemerkt stig, og prøvde først å leite etter toppen på nordenden av den venstre av dei to åsane. Blei sett ut då eg kom inn på ein ganske brei veletablert skogsveg, ingenting som stemte med den på kartet. Rota litt rundt for å få terreng og kart til å stemme, men det gjekk ikkje, så til slutt bestemte eg meg for å følgje denne vegen så høgt opp >>>

Kart    

Grip først, så Freikollen

Dato:
26.06.2014
Turtype:
Fjelltur

Super dag, solskin, ikkje for mykje vind, men temperaturen var vel ikkje noko å skryte av. Vi tok først båttur til Grip. Endå flottare enn eg hadde sett for meg. Ingen toppar, men ei kyrkje til å få tårer i auga av. Etter å ha sjekka inn på hotell i Kristiansund, tok tre av oss av stad til Frei. Freikollen blei unnagjort på to timar inkludert pause på toppen. Vi gjekk frå Freiåsen, to av oss gjekk rett fram og forbi det vesle vatnet og kom opp frå havsida. Den tredje gjekk raskaste og bratteste vegen opp. Fungerte også fint. Vi gjekk saman ned raskaste vegen. Der opp målte ein annan turgåar temperaturen til 6 grader. Men sol, vind og vidt utsyn til alle kantar. Mange spreke folk med joggesko og med eller utan stavar gjekk raskt opp og ned. I boka på toppen såg vi at dette >>>

Kart    

Draumetur på Otrøya

Dato:
25.06.2014
Turtype:
Fjelltur

Tok ferga over til Otrøya frå Molde, køyrde først til Midsund for å handle nistemat, deretter tilbake til sør-Heggdal der vi tok av ved skiltet der det stod Oppstadhornet. Godt merkt stig, nydeleg landskap og meir og meir sol. Stoppa litt oppe ved setervollen der det framleis står ei bu. Fabelaktig utsyn. Eg var imponert over den gamle fine furuskogen, ein urskog rett og slett med gamle kronglefuruer, rotvelter og kvite ståande daude furustomnar. Vi følgde raude og kvite plastband og eit "stikk ut"-skilt opp til den tørre og fine ryggen mellom dei to vatna. Opp gjekk vi heilt opp på riset før vi svingte til høgre og rett opp den bratte lia. Ned følgde vi fjellkanten og fann grei stig litt lengre vest. Toppen var heilt fantastisk! Grønn grasbakke med blomar og strå >>>

Kart    

Andre tur i Møre og Romsdal

Dato:
23.06.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:17t
Distanse:
9,0km

Andre dag i Molde, og då blei det kommunetoppen. Ikkje veldig varmt og skiftande skydekke, men opplett. Køyrde mot Kleiva og tok av ved Kortgarden opp til Nakken, og så bomveg (20 kr) til der stigen til Skåla starta. Skodda hang nede ved Trollvatnet då vi starta på turen, men den steig oppover ettersom vi gjekk. Vatnet ligg på 502 meter, og det låg blikkstille då vi kom opp, med grønt gjennomsiktig vatn. Vi tok stigen til høgre og det er ein dryg tur, tidvis så bratt at ein må bruke hendene, ganske luftig der ein kjem nær kanten, og i vårt tilfelle gjekk vi inn i skodde og snø på ca 1050 meter. Skodda låg tett på toppen og nysnø frå i går dekte topplatået. Eg er ergerleg for at eg heng bak, dårlegare kondisjon og dårleg fot, kondisjonen heng litt saman med foten, eg >>>

Kart    

Første topp denne ferien

Dato:
22.06.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
5,7km

Starta frå Nordseter, køyrde Lesja og Romsdalen. Tok avstikkar opp og ned Trollstigen. Spektakulært, men ausregn dessverre. Får kome attende. Så til Molde der vi sjekka inn på hotell, skifta til turklær og tre av oss køyrde til Eiskrem. Fann stigen lett, den var godt merkt heile vegen. Eg fekk 10 minutts forsprang, bra, for o-venene er spreke! Vi gjekk inn i regn og skodde, lite sikt og surt regn på toppen. Eg brukte 1 time og 50 minutt opp og ned, dei andre noko mindre. 5,7 km. Anne og Eirik var med.

Kart    

Liten topptur innimellom hyttejobbing

Dato:
30.05.2014
Turtype:
Fottur
Kart    

Storegrønut i sterk vind

Dato:
07.10.2012
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Skorvetoppen

Dato:
31.07.2008
Turtype:
Fjelltur

Registrerer denne turen no i retrospekt. med brorframilien gjekk vi til bøkretjønn og sette frå oss ein sekk, så vidare til Hestadalnutane, der snudde den andre familien og Tom og eg heldt fram til Gøysen i fantastisk sommarver. Vi kom til toppunktet for første gong på ettermiddagen og gjekk så tilbake til Bøkretjønn der vi overnatta i telt til dagen etter. Det var første gong på Gøysen. Sidan har eg vore der ein gong til, då gjekk vi også frå Langlimsida, men denne gongen gjekk vi i eit strekk til Gøysen og så ned mot Seljord der vi hadde sett att ein bil dagen før. Første gongen var det altså Tom, Uncas og eg som nådde toppunktet.

Kart