Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Hermannsdalstinden i knallvær

Dato:
07.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
10:00t
Distanse:
14,9km

Buss til Reine, båt til Forsfjorden, og så opp frå kraftstasjonen. Ein hyggjeleg tyskar, Michael, tok følge med oss, og dermed fekk han selskap der han nok kanskje hadde stått over sjølve toppen. Vi pusta på med jamne intervallar, og greidde oss bra opp den bratte eggen, og opp den siste biten med klyving i kampesteinar. På toppen talde vi i den tida vi var der ein tyskar, to tsjekkerne, ein nederlendar, ein sveitsar, ein kanadensar, tre amerikanarar og oss. Sveitsaren hopp frå stein til stein på toppen, balanserte oppe på vardesteinen (sjå biletet), og var totalt uaffisert av dei luftige omgjevnadene. Det var ikkje vi! Heimturen om Munkebu til Sørvågen var dryg, pb-appen viste tre km kortare enn garmin, der vi runda 17 km og 1660 hm. Veret var berre heilt fantastisk, og det blei >>>

Kart    

Nordlandsnupen

Dato:
06.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
10,2km

Ny flott tur. Kom frå Røst med ferge i går kveld, overnatta på Lofoten Værøy brygge. Gjekk frå bagasjen vår der, og starta turen mot Nordlandsnupen i sol. Endeleg t-skjortevær! Langs vegen til Breivika, nydeleg stad, gamle hus, tufter og steingardar. Og kvite strender! Grei stig til topps. Luftig spektakulær topp, men fine trygge rasteplassar, og eg som er høgderedd hadde ikkje problem med denne toppen. Ein treng jo ikkje gå ut og titte ned i avgrunnen! Sola forsvann på veg opp, og på heimvegen fekk vi ei byge. Stoppa på supercafeen på Sørlandet etter 10,2 km og 544 hm. 3 timar og 57 minutt. Anne, Eirik og Tom var med.

Kart    

Storfjellet Røst

Dato:
05.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
2,3km

Fabelaktig tur! Ringte til Finn Olav Olsen (4u8213839) og fekk flott rundtur før vi blei sett i land, og gjekk opp grasrenna Finn Olav peikte ut for oss. Veldig bratt, men kurant. Måtte halde oss i grastustane då vi klorte oss opp. Suverent utsyn, flott grasslette platå, stor varde og sol. Åt niste, fotograferte jamnt. Såg tre havørn som hang over oss på toppen, og ein heil flokk nede på stranda då vi tøffa frå øya. Elles mykje lundefugl, teist, toppskarv og ærfugl. 2,3 km, 259 hm. Anne, Eirik og Tom var med.

Kart    

Første besøk på Rabothytta

Dato:
01.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
11,0km

Tur med Tom, Torbjørn og Marit. Overnatting frå laurdag til sundag. Fint vêr laurdag, kaldare og gråere sundag. Super hytte!

Kart    

Furufjell

Dato:
24.06.2017
Turtype:
Fjelltur
Kart    

Andre forsøk Sørum

Dato:
05.06.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:18t
Distanse:
4,0km

Forstod at Kukollen ikkje lenger tel som høgast i Sørum. Brukte finveret i dag til ein svipptur til Leirsund og vidare til Kopperud. Skar ureglementert over jordet og følgde brei stig til toppen. 1, 3 km sa skiltet i åkerkanten. Fekk tips frå ein kar på toppen og tok ein annan stig ned, kom då ut i åkerkanten, lenger sør. Veldig fin stig det og. 3,97 km, 1 time og 24 minutt inkludert ein liten rast. 175 hm. Uncas var med.

Kart    

Reprise til Hof, men ny topp

Dato:
07.10.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:06t
Distanse:
3,8km

Nokre år sidan Skibergfjell, men plutseleg hadde eg altså mista fylkestopper i Vestfold! Passa fint å ta den på veg til hytta ein avspaseringsfredag. Strålande haustver, lunsj på Eidsfoss, møtte Marit i eigen bil, køyrde bomvegen opp til Dovrefjellvegen eller noko sånt, og gjekk brei nydeleg stig til topps. 3,84 km tur-retur. 1.06 i tid brukt, 169 hm. Marit og Uncas var med.

Kart    

Endå ei reprise : Gaustaråen

Dato:
18.09.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:47t
Distanse:
8,2km

Ny tur som følgje for Anne som jakta nye toppar. Ikkje fullt så flott ver som dagne før, men fin temperatur, og litt skiftande skydekke, men mest grått. Dagen før hadde det vore nattur i måneskin til toppen med nattkonsert som beløning, det må ha vore fint, for laurdag kveld var uvanleg fin med kvit himmel og måne. Mykje folk som alltid opp mot Gaustatoppen. Vi drog på oppover, men i staden for å byrje på den siste kneiken då vi kom opp på platået under toppen, gjekk vi ut i steinura med gps og fann Gaustaråen og punktet sør for den. Dessverre var dette akkurat høgt ok oppe til å gå inn i skydekket, Gaustatoppen låg inne i ein kvit dott heile turen, og sidan vi skulle heim til Oslo - og for Anne sin del Halden, stod vi over toppen - for utsyn hadde det n ikkje blitt der >>>

Kart    

Reprisetur då eg faktisk fekk sjå meg rundt

Dato:
17.09.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
11,0km

Etter møte i Seljord, drog Anne og eg til Bø, der eg følgde med Anne til denne toppen som ho mangla, og som eg faktisk berre hadde vore på i tett skodde, vind og regn for nokre år sidan. Så det var flott å få sjå kor nydeleg denne toppen og dette terrenget faktisk er. Starta ved Røksbu og gjekk stigne opp langs LAngetjønn. Sol utan skyer, vindstille og uvanleg varmt til spetmber å vere. Anne gjekk i shorts og bh, eg i t-skjorte. Vi gjekk bra på oppover og brukte 1 time og 42 minutt på 5,6 km og 733 hm. Godt nøgd med det. Nedatt somla vi meir etter lang rast på toppen. 1 time og 52 minutt ned inkluderte mykje fotografering.

Kart    

Fin Rust-tur

Dato:
11.09.2016
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
5,6km

Dyrskuhelg i Slejord og Tom og eg var på hytta i helga. Dyrsku og grendehusmøte på laurdag, og sundag fekk vi oss sommarens første Rust-tur. Uncas var med - var det hans siste tur tru? Sol og vind. Vi brukte 2 timar o 7 minutt på turen opp og ned. 5,6 km.499hm.

Kart