Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (416)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (107)
- Fjellskitur (74)
- Langrennstur (19)
-
Sykkeltur (6)
- Blandet sykling (6)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Vestby-toppen på nytt
- Dato:
- 28.04.2019
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:33t
- Distanse:
- 2,0km
Første vårtur etter skisesongen. Deilig temperatur og herleg luft i skogen. Køyrde til Søndre Rønjul og gjekk rett sørover. Fann nytt skilt med flagg, gjekk forbi alle ruinane og lurte på kva dette har vore. I det forfalne triste huset som står der stien starta viste det seg sjokkerande nok å bu ein mann som brått titta fram bak ei gardin. Vi stoppa og spurte han om kva ruinane hadde vore. Grisefjøs og hønsehus som blei sprengt av tyskarane under krigen sa han. Hadde heilt gløymt bort den førre gongen eg hadde vore på toppen i Vestby, men ser av rapporten at eg då hadde lese meg opp på husmannsplassen Stokkholm. Alt kjendest friskt og nytt i dag sjølv om vi hadde vore 500 meter frå toppen sist, og sjølv om eg hadde sjekka historia. Rett nok kom vi inn frå vest og tangerte >>>
Morgontur til Storheia
- Dato:
- 07.11.2018
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 2:00t
- Distanse:
- 8,9km
Seminar i Trondheim som starta kl 1230, opna for at eg endeleg skulle få med meg Trondheimstoppen. Stod opp tidleg, frukost på hotellet og så drosje til Skistua. Der starta eg rett før kl 0800. Hadde sjekka at soloppgang i Trondheim var kl 0815 no, men det var heilt greitt lys då eg starta å gå. Såg sola sånn ca kl 0830, og var oppe på toppen etter 55 minutt, DVs rett før kl 0900. Eg er jo til vanleg ingen morgonfugl, men det kjendest veldig fint å ha terrenget og soloppgangen heilt for meg sjølv! Kuldegrader frå morgonen av, så kloppene var rima og ein del is og glatt, samstundes med at myrene ikkje var heilt frosne. Så både søylete og isete utan at det var noko stort problem, heldt meg på beina. Gjekk rett nedatt etter å ha tatt obligatoriske bilete. Det gjekk faktisk >>>
Vehusknausen, liten tur i rufsete terreng
- Dato:
- 04.11.2018
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:42t
- Distanse:
- 2,7km
Dagens andre tur. Køyrde frå Søgne til Setesdalsvegen og Høie - så der kjem sengetøyet vårt frå!
Tok av Mestadvegen til venstre, rett fram i slak høgresving og så opp til Espestøl. Der gjekk vi vegen rett fram til vi hadde ei myr på høgre hand. ( Dei oransje småtingene som låg ute i myra var restar etter leirdueskyting.) Tok av til høgre og følgde Knut Sverre sitt gps-spor som han følgte på nedturen. Tok 16 minutt opp i rufsete terreng. Tok eit bilete ved bolten, og såg varden litt bakafor. Ikkje noko utsikt i dag. 2 km. 44 minutt inkludert prat med ein kar som utbetra vegen. 79 hm. Marit var med.
Siste i Aust-Agder: Hisåsen i Lillesand
- Dato:
- 03.11.2018
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 2:30t
- Distanse:
- 6,9km
Vettakollen og Fuglemyrhytta
- Dato:
- 28.10.2018
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 3:07t
- Distanse:
- 13,3km
Etter å ha budd i Oslo i 38 år, er det utruleg at eg ikkje har vore på Vettakollen før! Flott utsiktspunkt over Oslo, og høvet denne gongen var å sjekk ut DNT sitt siste tilskot: Fuglemyrhytta. Flott tur. Tom var med på, 13,25 km, tre timar og sju minutt, 397 hm.
Hjerttinden i septembersol
- Dato:
- 22.09.2018
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 7:00t
- Distanse:
- 18,6km
Anne og eg møttest etter jobb i Tromsø på fredag og køyrde først til Nordkjosbotn og spiste middag, så til Rundhaug gjestegård der vi var dei einaste gjestene i eit hotell utan betjening! Nøkkelen låg på disken i resepsjonen til oss. Etter frukost (med betjening!) køyrde vi forbi Bardufoss til Rubbåsvegen, og følgde denne så langt vi kunne oppover. Det regnte, men vi visste at det skulle klarne opp, og det gjorde det etter ein time. Først veg, så traktorveg, så raudmerkt stig. Fint å gå. Vi drog av frå stigen og gjekk i lettgått terreng opp til salen mellom toppen og Hjerttindtuva. Der møtte vi to unge rjupejegarar, ga meining sidan vi hadde høyrt skot på vegen oppover. Så skar vi rett opp til toppen, bratt, men heilt OK. Møtte den raudmerkte stigen oppe på fjellet >>>
Fagervann og Lyberga
- Dato:
- 02.09.2018
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 2:23t
- Distanse:
- 7,5km
Prøvde å finne ein litt interessant tur som hunden, no straks 14 år gamal, kunne greie å bli med på. Og denne gjekk fint. Frå Maridalen skole opp til Fagervann, eit eple og pause på eit Berg der, og så svingte vi oppom Lyberga der eg aldri hadde vore før. Fint! Då vi kom ned til vegen, gjekk vi bortom bygdetunet på Kirkeby der det var haustmarknad, smakte bra med vaffel i den varme septembersola. Tom og Uncas var med. 7,5 km, 351 hm. 2 timar og 23 inkludert litt pausar.