Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Andre kveldstur

Dato:
11.06.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:16t
Distanse:
4,2km

Tok ein tur til, køyrde mot Herre, og fann riktig p-lomme ved bom. Så gjekk vi oppover vegen, hadde tenkt å ta stigen til venstre etter første falleferdige hus på v side, men vi gjekk for langt pga fuglefokus, så valde i staden å gå vegen heil til endes og så følgje stig så langt den gjekk og deretter kraftgata. Men stigen gjekk heilt opp den, og ikkje nok med det, utruleg stor gammal varde der oppe. Med utsynet rett mot Frier og Stathelle er det vel rimeleg å anta at dette er ein gammal veteplass? 4,2 km, 1 t 18, 166 hm. Benjamin var med.

Kart    

Hestås m to elgkalvar

Dato:
29.05.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:48t
Distanse:
1,9km

< Den tredje turen for dagen på Rørholt. Vi parkert ved kyrkjegarden og inspiserte den først; veldig fin! Vi fann ein gjengrodd stig oppover, men den forsvann fort, så vi busha oppover i ordentleg bratt terreng. Vi gjekk opp på fortoppen først og så ned i mellomsøkket, før vi begynte å forsere sjølve toppen. Først såg eg ein brun rygg som forsvann i buskene, trudde det var eit rådyr kanskje, men etter fem minutt og eit nivå høgare opp, gjekk vi rett på to nyfødde elgkalvar! Det første dyret må vel ha vore mora? Det var så vidt kalvane stod på beina, men mora var ikkje å sjå, så vi lista oss så raskt vi kunne unna. Sjølve toppunktet var eit vonbrot, ikkje så fin utsikt som vi hadde tenkt, og dessutan grusomt mykje mygg! Vi runda halve toppen for å finne ein farbar >>>

Kart    

Bukktjernåsen

Dato:
29.05.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:24t
Distanse:
1,0km

Her køyrde vi rett og slett inn bomvegen - bommen var heilt gjengrodd, så vi tenkte vel at vi ikkje løp ein risiko der. Parkerte rett under toppen og busha opp, måtte klyve litt det siste platået opp. Toppen var ei stor flate med skog, vi vassa litt rundt for å treffe punktet før vi tok ein annan veg nedover - den var betre, for vi slapp å vase gjennom hogstfeltet som vi hadde forsert på vegen opp. 1 km, 81 hm. 24 min. Benjamin var med.

Kart    

Eikekollen

Dato:
29.05.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:33t
Distanse:
2,0km

Første tur av tre. Benjamin og eg køyrde vegen til Rørholt, og starta med denne. Eikekollen forsvarte namnet sitt, fine eikekjerr og trær rundt heile toppen som hadde fin utsikt. 2 km, 79 hm, 37 min. Benjamin var med, og vi køyrde ganske langt opp grusvegen før vi starta å gå.

Kart    

Høgenhei i konvalltida

Dato:
28.05.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:57t
Distanse:
7,4km

Gjekk frå hytta i Rognstranda og følgde Flauene heil til Høgenhei. Sp ned til Kjellestad. 7,4 km, knappe 2 timar, 275 hm. Gjekk aleine.

Kart    

Første kommunetopp i år blei Lammanuten

Dato:
19.05.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:23t
Distanse:
11,4km

</gallery> Lang køyretur frå Oslo for to toppar vi mangla i Ryfylke. Men vi tok det som ferietur Anne og eg, og koste oss i Skånevik natt til fredag + besøkte Stødle på fredag føremiddag. Men etter lunsj køyrde vi til parkeringsplass ved Stølsvik, og starta å gå vegen opp langs Bordalsbekken. Lang seig motbakke som vi var sikre på eigna seg godt som motbakkedrag - for dei som driv med sånt! Vi møtte litt folk på veg nedover - sjølv hadde vi jo ikkje starta før kl 1345. Fine klopper over dei store myrane, elles heilt tørt og greitt å gå. Vi brukte 1 t 44 min opp, og rasta bak varden pga sur vind, og dessverre starta det å regne litt også. Men vi fekk då sett oss godt rundt, blant anna over til Bjørndalsnuten som vi hadde sikta oss inn på dagen etter. Vi var innstilt >>>

Kart    

Øyungskollen igjen

Dato:
20.11.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:51t
Distanse:
6,8km

Kart    

Kvikk tur til Veitåsen

Dato:
30.10.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:25t
Distanse:
2,0km

Liten sving oppom denne toppen i halvskumring før eg tok fatt på turen heim til Oslo. Ikkje stort å melde, møtte uventa nok to turorienterarar. 2 km, 25 min, 82 hm. Gjekk aleine.

Kart    

Liten tur frå Langangen

Dato:
29.10.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:51t
Distanse:
3,3km

Har hangla i tre veker, men fann ut at eg orka ein liten Telemarks-topp på veg til Stathelle. Parkerte ved skolen og gjekk roleg opp og ned. 15 grader i lufta, strålande sol og haustfargar. 3,25 km, 142 hm, 51 minutt. Gjekk aleine.

Kart    

Jønnardalsfjellet i gråvær

Dato:
23.10.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:36t
Distanse:
6,5km

Liten tur frå hytta. Starta i lett yr, blei betre etter kvart. Møtte Tom ved Stemmen på veg ned. Gjekk ein sving saman til Stubbåi og hytta av Sveinung. 6,5 km, 1 t 38, 256 hm.

Kart