Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (400)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (107)
- Fjellskitur (74)
- Langrennstur (19)
-
Sykkeltur (6)
- Blandet sykling (6)
"Peakbookvenner"

Favoritturer
Favorittopper
Furufjellet
- Dato:
- 14.07.2015
- Turtype:
- Fjelltur
Gløymde å registrere denne vesle "faste" hytteturen min. Hadde ei veke aleine på hytta tidleg i juli i år, som eg hadde tenkt å bruke til nokre turar i Aust-Agder evt Ryfylke, men eg drog ingen stader, og gjekk berre ein einaste ordentleg tur fordi hunden blei sjuk, og eg var aleine med han. På denne turen gjekk eg rett og slett frå hunden heime på hytta, der han hadde kome seg nokolunde til hektene etter å ha vore dehydrert og elendig nokre dagar før. Fint vêr og koseleg følgje med bror, svigerinne og deira tvillingar på 16.
Busstur til Askøy
- Dato:
- 20.06.2015
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 5,4km
Supernøgd med dette opplegget: skal på jobboppdrag her i Bergen i morgon tidleg, tok difor eit tidleg fly i dag, kopla meg på ei venninne som har budd her dei siste par åra, men som aldri hadde vore på Askøy. Tok buss nr 484 eller 485 til Steinrusten, men hadde greidd å engasjere fremre del av bussen med venlegsinna innfødde såpss, at sjåføren tok ein ekstra sving etter siste stopp for å setje oss av nett der stigen tok av sørover mot Kolbeinsvarden. Snakk om sørvis! Vi gjekk på t-merkt stig med treklopper over våte parti, og trapper i dei bratte partia opp til toppunktet. Stille og sol og utsyn i alle retningar. Supert! God besøkt topp dette, 20-30 hadde skrive seg inn i boka før oss i dag, og medan vi rasta kom det fire-fem til, to av dei joggande. Vi heldt fram sørover, >>>
To til i Hedmark
- Dato:
- 14.06.2015
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 2:19t
- Distanse:
- 9,0km
Det byrjar å bli lange dagsturar frå Oslo no når eg er er ferdig med nabofylka. Men turen til Nord-Odal vr vel overkomeleg. Vi køyrde til Eidsvoll, så fordbi Gullveret til Sand i Nord-Odal, og så nordover mot Knappet, og vidare rett fram på grusveg der asfalten var slutt. Alle sidevegar hadde vegskilt, og vi tok av riktig heile vegen heilt fram til der vegen slutta ved Gjellbekksetra. Der måtte vi snu på snuplassen og køyr eit par hundre meter tilbake før vi byrja å gå godt merkt stig til Årkjølen. Fin veg, mange ganske våte myrar, stort sett sol og litt vind, og ikkje heilt sommar. Biltermometeret viste 14 varmegrader, og litt ladare blei det kansje oppover. Tårnet var flott med mykje eksplisitt skilting, på tårnet stor der til dømes eit skilt "Tårnet" og på >>>
Fjerde fylke ferdig og topp 150 nådd
- Dato:
- 31.05.2015
Fekk ingen med meg i dag, men i denne rare maimånaden med annakvar dag med regn og sol, var dette soldagen i helga, og eg drog av garde på eiga hand. Køyrde først til Svarverud, der eg gjekk på sykkelen og sykla langs dei fine vatna innover. Verkeleg nydeleg sykkeltur i skiftande sol og vind. Først drog eg rett fram i vegkrossen etter Kulivatnet, men eg snudde og tok vegen til venstre (mot aust) i staden. Der gjorde eg ei feilvurdering av type som eg har gjort før, for når eg kom opp bakkane og så ein liten stig som gjekk i nokolunde rett retning, parkerte eg sykkelen og skar innover skogen. Hadde for dårleg kartutskirft, men heldigvis gps med meg. Då eg trudde eg var omtrentleg på toppen, viste gps'en at eg var halvvegs. Har problem med å vurdere avstand utifrå kart. Så eg rota >>>
Tre toppar og overnatting i Hedmark
- Dato:
- 24.05.2015
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 24,5km
Pinseaftan var nydeleg i Oslo, men det var sundagen vi hadde sett av til topptur. Laurdag ettermiddag sjekka vi yr.no, og oppdaga at det var varsla regn frå ettermiddagen sundag. Og sidan eg hadde blitt utfordra til å sove ute i løpet av mai i ein stafett på jobben, heiv vi oss rundt, pakka sekkane og køyrde til Odals verk der vi var framme kl 2015. Vi vandra oppover vegen forbi Fløyta og opp til demningen i Valsjøen, der var det jo ein fin teltplass, men vi tenkte først at vi hadde gått litt kort, og gjekk vidare og til venstre bort til neste vatn. Rota litt der etter ein teltplass, men endte med å dra ned att til Valsjøen, der vi slo opp telt, åt varme nudlar og delte ei flaske raudvin. Kraup ut av teltet i morgonsol, åt frukost og la oss i veg oppover vegen ca kl 0815. Klart >>>
Andre gong på Vassdalseggi
- Dato:
- 15.05.2015
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 22,0km
Ny kjempedag på Haukelifjell. Starta i gruppe med Stavanger turistforeining kl 0930. Så varmt allereie at vi på teknisk pause etter 10 minutt måtte av medytterjakker og lue. Så vi gjekk i trøyer på nordsida av Kistenuten og opp til Lisledalen. Førre gongen Tom og eg gjekk her på ski var elva ned frå Dalen lett identifiserbar under snøen, og på sommarturen vi tok hit for eit par år sidan, var jo dette ei stor stri elv som vi strevde litt med å krysse. I dag var den heilt borte, berre ei fin glatt snøflate. Så det er mykje snø i fjellet! Vi tok på feller der vi byrja den bratte oppstiginga mot egga, og beheldt dei på til vi var oppe på "taket". Vi hadde fin rast etter at vi hadde kome opp den første dryge bakken før vi byrja å gå den eigentlege egga. Turleiaren >>>
Sandfloeggi i optimale forhold
- Dato:
- 14.05.2015
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 10:00t
- Distanse:
- 38,0km
Vi var fire som starta ved parkeringsplassen ved Ulevå kl 0930. Etter ei natt med minusgrader starta vi på skare som eit Gol, heilt vindstille og ikkje sky på himmelen. Tom og eg gjekk på feller til der løypa tar av mot Vesle Nup. Det var 4 km og 300 høgdemeter. Stort høgdepunkt å få inn ein reinflokk frå høgre som delte seg i to. Den eine dele kryssa løypa framfor oss, den andre heldt seg til høgre og forsvann over ei høgd bak oss. Herleg! Ved Mannevatnet kortslutta vi litt og følgde stikka løype for langt, slik at vi måtte krysse over ein kam for å kome tilbake sør for Poddevatn og inn på Holmesjøen. På ein bar odde rasta vi i tørr lyng og ryggen mot slett berg. Nupseggi sett frå Holmesjøen er verkeleg eit dramatisk og flott syn. Føret var framleis heilt perfekt, >>>
Truleg siste tur på ski i Marka i år
- Dato:
- 26.04.2015
- Turtype:
- Langrennstur
- Turlengde:
- 2:30t
- Distanse:
- 16,0km
Regn og snø i he ile Sør- Noreg i går, så toppturen i helga blei avlyst. Men i dag var det sol og ikkje for varmt i dag tidleg, så før middag i Halden i ettermiddag, køyrde Tom og eg til Myllsdammen og starta å gå i nykøyrde spor kl 1000. Rett og slett herleg tur med raudt klister under skia, fuglesong og opne bekkar. Måtte av med skia to stader, elles supert. Bislingflaka har eg vore på fleire gonger, men aldri så seint på ski. Så for første gong den malte vesle varden bak på toppunktet. Den har lege under snø andre gonger. Vi gjekk opp og ned Formo-løypa, møtte ganske mange svært blide skigåarar, ein med bar overkropp, andre med bare leggar. Og på veg ned møtte vi kompis Helge. Også blid. Tom og Uncas var med.
Andre dag over Jøkulen i sol og vindstille
- Dato:
- 19.04.2015
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 5:00t
- Distanse:
- 23,0km
Andre dag på Finse passa godt for tur på Jøkulen. Sol og vindstille. Tok på fellane ved Appelsinhytta. Det klabba i dei i dag! Er dei skitne eller noko tru? Eg gjekk opp i berre trøya, og vi rasta ute i sørveggen. Omtrent ikkje vind i det heile over jøkulen. Godt underlag ned alle bakkane, men som vanleg bakglatt over Finsevatn heim. Knut, Dagfinn, Ellen og Olaf var med.
Fast helg med gamle kollegaer - to flotte dagar på Finse
- Dato:
- 18.04.2015
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 27,0km
Vi trefte Skarverenn-helga i år, men det gjorde ingenting Moro å få sjå eliten opp dei første bakkane. Vi tok av løypa deira på det første platået, og gjekk til Flakavatnet og så gjennom Kyrkjedøri. Sol og litt vind, godt føre, vr 50 heile dagen. Vi gjekk ein liten runde bakom der og tok så opp gjennom og det skaret som ender heilt nord i Flakavatnet. Så heldt vi mot vest og gjekk opp Flakavassfonni som eg trur den heiter. Vi kom då opp mellom to av Flakavassnutane, og derifrå rann vi ned og så opp til Sanjt Pål. Vaffel på Klemsbu og så ned til Finse. Olaf, Knut, Ellen og Dagfinn var med.