Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Trollevassnibba

Dato:
02.08.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
4,7km

Gitt kraftige regnskyll i dag tidleg og regn då vi kom til løypestart ved skiltet eit stykke forbi skolen på høgre side, var nok dette ein tur for spesielt interesserte. Og spesielt interesserte var korkje Tom eller Uncas i dag, begge heilt nøgde etter dei to fine turane i går. Men eg la i veg i regnet. Etter kvart gav det seg, men våt blei eg så det heldt, for særleg midtpartiet med myrane, var som ein sjø av søyle og vatn. Eg plaska over, men det gjekk trått for eg prøvde å unngå å tråkke nedi over støvlane. Bergpartiet etterpå var eigenleg veldig fint, og så grovt at eg hadde godt feste for goretexskoa. (Det var søylepartia som var såpeglatte, då særleg nedover.) det klarna meir og meir opp, og då eg skulle ta selfie på toppen måtte eg myse mot sola! Supert toppunkt. >>>

Kart    

Siggjo - kommune nr 200!

Dato:
01.08.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
4,5km

Fin kveldstur med litt sliten hund, men Tom og eg var i fin form sjølv om dette var femte turen vår på to dagar. Miniturar rett nok. Regnskyllet og den blågrå himmelen vi hadde då vi såg på Moster gamle kyrkje, såg vi ikkje meir til. Fin temperatur, opphaldsver og flott utsikt utan sol. 5 km, 1 time 58 minutt, 429 hm. Fin kommune som nr 200. Må finne ein flott topp som nr 200 også. Tom og Uncas var med.

Boknafjellet

Dato:
01.08.2017
Turtype:
Fottur
Distanse:
2,7km

Kom frå Skudeneshavn og tok denne avstikkeren sørover før vi fortsatte mot Bømlo. Parkerte, gjekk så det vi kunne opp til toppen. Tom slog med med 2 minutt. Vind og sol og flott topp å orientere seg i geografien frå. Såg ein havørn på vegen ned. 35 minutt. 2,7 km. 208 hm. Tom og Uncas var med.

Kart    

Araseto

Dato:
31.07.2017
Distanse:
2,5km

Koseleg tur mellom 2030 og 2130 etter at båten frå Haugesund slepte oss av og vi rigga oss til i Torleiv Vestres utruleg fine utleiehytte ved hamna. 800 kr for super hytte med to soverom, seks sengeplassar og elles perfekt utstyrt med alt vi trengte inkludert sengetøy: anbefalast! Vi gjekk vegen opp til fyret og fekk flott kveldshimmel og vidt utsyn der oppe. 50 minutt, 3 km. 70 hm. Tom og Uncas var med.

Kart    

Dyrafjellet

Dato:
31.07.2017
Distanse:
0,7km

Etter å ha vore turistar på Avaldsnes, skulle vi raspe med oss denne toppen før båten gjekk til Utsira. Håplaus såkalla tur. Fann ikkje nokon stig ved dei bustadhusa som låg nærast toppen, så vi busha oppover i klissvåt lyng og holute myr. Datt tre gonger og var komplett tøysevåt då vi kom ned ein slags stig som endte i eit piggtrådgjerde. Einast formildande omstende var at sjølve toppunktet var OK med fin utsikt. 20 minutt. 800 meter. Kanskje 50 hm? Tom og Uncas var med.

Kart    

Klauv på våt sti

Dato:
31.07.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:48t
Distanse:
2,3km

Køyrde frå hytta over Haukeli og til Haugesund. Før det køyrde vi til den vesle parkeringsplassen under Klauv og gjekk raskt opp og ned. Gjennomblaut stig etter kraftige regnskyll tidlegare på dagen, men vi gjekk i sol og vind. 50 minutt. 2,3 km. 213 hm. Tom og Uncas var med.

Kart    

Rust

Dato:
30.07.2017
Distanse:
5,8km

Kart    

Furufjell

Dato:
29.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
4,6km

Kart    

Rust

Dato:
28.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
5,7km

Rask føremiddagssendinga til Rust for å få i gang pusten. Møtte litt slekt på Skor. Gjekk aleine, men Uncas var ned!

Kart    

Ramåsmyrnuten

Dato:
25.07.2017
Turlengde:
5:15t
Distanse:
14,0km

Første ordentlige turen i Langlim denne sommaren. Gjekk frå brua i Stubbåi, til Busanden, Ramåsmyran, Myklevatn, Ramåsmyrnuten, Skomestauljuvet, Fjåbekknog Busanden og heim. Møtte ikkje folk. Men rjupepar med ungar, røy med ungar, hoggorm, ein annan storfugl som flaug opp, og sist og verst, eit jordvepsebol. Drog på meg fem-seks stikk. 14 km. 5 timar og 14 minutt. Uncas var med, men var utruleg støl og sliten etterpå. Han har artrose i buhundledda sine dessverre.

Kart