Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Robekknuten - første gong

Dato:
01.08.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:17t
Distanse:
23,6km

Køyrde til Bjåen, sykla dei 5 km til Sandsetvatnet, og gjekk derifrå. Det blei 10 km på sykkel, 13,6 på beina. Vått i dei store myrane, følgde stig til Grotvatnet, kryssa bekken mellom den øvre og nedre tjønni, gjekk over eidet og runda så nordover rundt Brattefjell. Fann ikkje stigen med ein gong, men den er der! Kom innpå etter kvart, og når eg tykte eg såg ein høveleg trase oppover Robekknuten skar eg av til venstre og fekk ei veldig fin rute opp vestryggen av Robekknuten. Godt å gå på lyng og berg. Var på toppen etter 2 timar og 5 minutt. Åt i le på nordsida av toppunktet, og gjekk same veg ned igjen. I det brattaste partiet gjekk eg kanskje 100-200 meter lenger vest ned. Deilig å ha sykkelen ved Sandsetvatnet. Totalt var det 842 hm frå Bjåen. Gjekk på 4 timar og >>>

Kart    

Klassisk Rust-tur

Dato:
31.07.2020
Turlengde:
2:36t
Distanse:
7,8km

Kart    

Skorve på langs

Dato:
30.07.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:13t
Distanse:
16,8km

Kart    

Ramåsmyrnuten etter tre regnværsdagar

Dato:
29.07.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:30t
Distanse:
9,6km

Dyvått terreng etter tre dagar med striregn, så vi valde denne ganske tørre turen i dag: køyrde til Vinsvål, gjekk vegen til Skomestaul, opp Skomestauljuvet, og så nutane mot nord til Ramåsmyrnuten. Lang rast i le med hyggjeleg turfølge. Tilbake same vegen. 9,6 km, 464 hm, brutto 3 timar og 29 min, netto 2 timar og 40. Sondre og Anniken var med.

Kart    

Stora Blåfjell - lengre tur enn planlagt

Dato:
24.07.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:16t
Distanse:
26,2km

Etter overnatting i Sand drog vi av stad oppover mot Suldal, tok av mot Gullingen og Blåsjø, og gledde oss veldig til tur i optimalt turver. Sol, lite vind og 12-14 grader. Fekk nesten sjokk då vi køyrde inn i første tunnelen før Oddevassdammen og skulle ut igjen. Opninga var ei trang sjakt med kjempehøge snøkantar på begge sider! Den neste tunnelen var delvis full av snø, men vi lirka oss no ut til parkeringsplassen ved Oddetjørndammen og fekk dagens nedtur: vegen vidare var stengt! Vi kalkulerte raskt at dette ville leggje til 12 km på turen som vi hadde planlagt skulle vere på 14 km. Vêret var perfekt, vi hadde med nok mat, så vi bestemte oss for å gjennomføre ein lang variant. Etter eit par hundre meter møtte vi to karar i gravemaskin, og dei arbeidde seg ned for å rydde >>>

Kremtopp i kremvær

Dato:
23.07.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:15t
Distanse:
8,5km

Etter båttur på blikkstille fjord frå Lysebotn til Forsandmoen i dag tidleg, køyrde vi opp frå Jørpeland til Dalavatnet. Perfekt føremiddag, vatnet som ein spegel, skyfritt og fin gåtemperatur, ca 14-15 då vi starta - ca 18-20 då vi kom ned. Vi gjekk ganske jamnt på opp ryggen til Heiahornet. God raudmerkt stig. Vi brukte 1 time og 10 opp, koste oss ved den store varden saman med fire lokale turgåarar. Eg gjekk bort til austtoppen, Tom blei verande ved hovudvarden og koste seg, men då eg kom tilbake, hadde han blitt overtalt av dei lokale til å ta Småsildalen tilbake. Så dermed blei det litt fram og tilbake oppe på det fine platået som verkeleg hadde eksepsjonell flott utsikt. Småsildalen var ein lengre trase, men fint langs dei tre små vatna (silane?). Var nede på 3 timar >>>

Kart    

Lysekammen - fin tur med seig start

Dato:
22.07.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:45t
Distanse:
14,8km

For seks år sidan hadde vi planlagt å ta denne turen, men vakna til skodde og regn, og droppa det. Etter å ha gått turen i dag, tenkjer eg det var lurt, regn og skodde passar ikkje på denne turen ( eller kanskje ikkje for toppturar i det heile tatt?). Hauane b&B held stengt denne coronasommaren, men eg tok ein telefon, og anleggsvegen er open i heile sommar. Heldige der! Starta ikkje før nærmare 1100, for vêret var meldt betre utover dagen. Gjekk frå Tangastølen. Opp til stølen, og så bratt opp til høgre for den vesle fortoppen, fekk sjå fossen med ein minibolt, kryssa bekken nedanfor fossen og gjekk over den vesle fortroppen og kom så opp skardet. Der opna det seg ein fin grasdal med bekk og sauer. Fin stad. Drog så opp langs bekken, to-tre trange skard måtte vi passere, >>>

Kart    

Kjerag i grått vær

Dato:
21.07.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:00t
Distanse:
10,8km

Køyrde frå hytta i Telemark til Øygardsstøylen. 300 kr for å parkere. Stivt! Tydelege åtvaringar frå parkeringsvakta som lova oss skodde og regn og 10 sekundmeter vind. Men vi roa han ned med at vi var godt utstyrt, og han endte med å seie at den estimerte tida på 5 timar var romsleg. Norske turgåarar i OK form burde greie det på fire sa han. Det gjorde vi, 3 t 30 gåtid, 3.59.40 totalt! Vi fekk både regnskurer og litt vind, men heldigvis også utsikt! Vi var heilt rett kledd, supert med skihansker med tanke på alle kjettingane som var monterte i dei brattaste svapartia. Fine sherpatrapper fleire stader. Sjølv om det regna, hadde vi ikkje problem med feste, støvlane sat godt på ruglete berg. Vi gjekk først til Kjeragbolten som vi ikkje gjekk utpå. Heilt utenkjeleg når ein >>>

Kart    

Øyungskollen

Dato:
13.07.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
6,9km
Kart    

Høgenhei, barndomslandskap

Dato:
11.07.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
6,3km

Kveldstur på Stathelle. Sterkt og flott å gå til Høgenhei og bortover langs flauene til Grasmyr. Har ikkje tatt denne turen sidan 70-talet. Kveldssol, deilig kjend vegetasjon. 6,3 km, 1 time og 30 minutt. 245 hm. Gjekk aleine.

Kart