Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Tre Seljord-toppar på rad

Dato:
03.04.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
4:54t
Distanse:
23,0km

Køyrde til Vierli. Tom og eg gjekk saman i 4-5 km. Så skildest vi, Tom fortsatte til Silkedalen, eg gjekk nordover forbi Skardstjønn og Kroktjønn og så opp mot toppen som på kommunekartet heiter Dalstaulnuten, men som er registrert utan namn på peakbook, eller tettare nordaust for Grunntjønn. Fin topp med flott utsyn i perfekt påskevær og -føre. Skare, skyfritt, nesten ikkje vind, litt trekk på toppane må ein rekne med. Så gjekk eg sørover omtrentleg same trase, før eg heldt mot aust opp til Brurenuten, 1205. Populær topp dette og høgast i dette fjellpartiet. Mykje folk rasta i lyngen rundt toppen, eg og. Så nedatt og på skaren over til sporet mot Fjøllstaul. Vel nede fortsatte eg mot sør og opp og over Sprettedalsnutan. Lenger framme gjekk eg oppom Heidalsnuten, 1104. >>>

Kart    

Vornuten på påskeføre

Dato:
02.04.2021
Turtype:
Skitur
Turlengde:
4:30t
Distanse:
19,3km

Køyrde til Breivatn, gjekk til Stvatjønn, Dømlaus og Nordbøkriklan. Tok så sørover til Kultankriklan og dinest opp til Homlitjønni. Rasta med Erling, Anniken og Tom + Ingrid B som vi møtte tilfeldigvis. Eg gjekk vidare til Vornuten aleine. Litt vind, elles flott vær. Føret rotna opp etter kvart, og klisteret var slitt av. La på nytt på veg tilbake, men det var også raskt borte. Gjekk difor litt kortare heimtur enn eg hadde tenkt. Om Myklevatn, så nedatt til Dønlaus og Breivatn. Gjekk så til Løkin og Kasin der Tom plukka meg opp med bil. 19,3 km, 592 hm, 4,5 time ute.

Kart    

Påsketur til Rust

Dato:
01.04.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
13,3km

Klassisk Rust-tur i flott vær. Gjekk frå hytta til Dammen, så opp Bratsberg til Gåsevatn, rasta i Skavlen før vi tok toppstøtet. Nedatt gjekk vi vestover om Hovdestaul, og Erling hadde køyrd bilen vår dit, så det var deilig å køyre langs Gjevar heim. 13,3 km, 2 t og 30, 596 hm. Tom var med.

Kart    

Rust i solnedgang

Dato:
27.03.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:15t
Distanse:
13,0km

Kom opp på hytta laurdag ettermiddag for å starte påskeferien, tok ein ettermiddagstur til Rust på fjellski. Første gong eg har vore på fjellet «mitt» i solnedgang! Fint. Gjekk opp frå Gryteåi, med same veg. 13 km, 554 hm, 2 timar og 13. Gjekk aleine.

Kart    

Rust på fjellski

Dato:
14.02.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:57t
Distanse:
15,0km

Etter kald heimekontorveke på hytta, blei temperaturen til slutt ok for ein litt lengre tur. Starta ved Gryteåi i minus 14, biltermometeret viste 12 kalde då eg kom nedatt. Fine spor forbi Hovdestaul og til Fjøllstaul, så skuterspor. Var litt i tvil om rasfaren då eg kom opp under toppen, men valde å gå litt rundt toppen for å unngå dei verste bratthenga. Mange skuterar hadde køyrd overalt, og sjåførane rasta eit stykke nedanfor toppen; dei var ikkje urolege for rasfaren! Heilt stille, ok temperatur å gå i, og fin nedkøyring i kald, passe djup nysnø - i alle fall når eg kom eg ned frå dei forblåste fokkpartia øvst oppe. 15 km, 595 hm, var borte i knappe tre timar.

Kart    

Barlindhøgda på ski frå Stryken

Dato:
31.01.2021
Turlengde:
5:00t
Distanse:
24,5km

Tom og eg køyrde til Stryken, og starta der i 12-13 minus. Perfekte spor og ikkje ei sky. Tom snudde etter Måsjøen, eg gjekk ut på Hakkloa, og så inn til venstre til Østre Hakkloa, nydeleg plass. Fann grei trase opp. Ute i opent lende var det perfekt nysnø, ca 10-15 cm oppå hardt underlag, men i granskogen var det steinhardt. Etter lite imponerande toppunkt, men flotte opne parti litt rundt sjølve toppen, bestemte eg meg idiotisk nok til å følgje ryggen sørover for å gå ut på Helgeren. Det var svært ulendt, bratt, bøyde og brekte trær, steinhardt under trærne, laussnø i dei få opne partia som var ordentleg bratte. Og tynne langrennsski! Tok av skia på eitt punkt, men sakk ned med ein gong ein kom unna trærne. Datt 10-15 gonger, og var heilt kake då eg etter meir enn >>>

Kart    

Rådalshøgda Vest

Dato:
30.01.2021
Turtype:
Skitur
Turlengde:
3:13t
Distanse:
19,2km

Skitur frå Skar. Då eg kom på toppen av Vidarløypa, fekk eg det innfallet å klore meg opp på Rådalshøgda. Sein ettermiddag, låg sol, hardt underlag under kald nysnø, minus 10-12. måtte ta av skia i dei to brattaste henga der det var hardt under granene. Nydeleg topplatå, låg sol, store rare vifteforma snøkrystallar, open fin myr mellom to låge høgder. Hadde eit uhell på vegen ned som gjekk bra heldigvis. Tok av med skia i den bratte granufsa. Men det var så hardt og bratt at skiskoa mista festet. Eg rutsja ned mellom granene i alle fall 20 meter medan ski og stavar låg strødd. Unngjekk heldigvis granleggene! Ned til løypa igjen og isane heim til Skar. Rosa himmel og bål fleire stader ved strendene rundt Øyungen. Gjekk aleine. 19,2 km, 3 t 13 minutt, 461 hm.

Kart    

Rust på beina

Dato:
29.11.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:07t
Distanse:
6,0km

På føttene frå Valedammen. Barfrost og litt snø.

Kart    

Artig tur til Knurrlinatten

Dato:
28.11.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:45t
Distanse:
11,0km

Startpunktet var Nørsteteig. Tom sette meg av ved Nørsteteig i Svartdal før han køyrde til Seljord for å handle. Nydeleg gard! Så følgde eg vegen forbi den vesle private stavkyrkja og flotte hyttetun, så inn til Skrøyva før eg tok av mot vest. Det gjekk greitt opp til Knurrlinatten. Flott typisk Telemarks-nut med supert utsyn i alle retningar, Brattefjell var delvis inne i ei sky, men Rust låg fritt og fint rett i vest. Eg gjekk så vidare vest og sud mot Vetrhus der eg inspiserte kusine Sigruns siste byggeprosjekt. Deretter vegen ned til Fossheim der Tom stod og venta ved bommen. Fine frosne myrer, men eigenleg ikkje snø anna enn flekkvis. 10,98 km, 1 t og 47 min, 430 hm. Gjekk aleine.

Kart    

Furuåsen og Hovdehytta

Dato:
22.11.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:08t
Distanse:
3,3km

Liten tur i Asker. Parkerte langs vegen og gjekk bratt over så raskt pusten heldt. Flott utsikt ved hytta og fleire småbarnsfamiliar. Gjekk så litt bakover for å finne toppunktet som var av den beskjedne sorten. 3,26 km, 1 time og 8 minutt på føtene, 220 hm. Tom var med.

Kart