Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Draumekveld på Grasfjøll

Dato:
30.04.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:02t
Distanse:
12,0km

Tok helga kl 1330 og køyrde frå Oslo om Rjukan til Skinnarbu. Hadde tenkt på Grasfjøll i vinter, den nordlegaste Seljord 100 m pf-toppen. Eg starta frå Skinnarbu kl 1700, og var på toppen kl 1800. Eit par veker sidan nokon har køyrt spor, men desse kalde nettene vi har hatt sidan påske gjorde forholda heilt fine. Eg gjekk på fjellski med kortfeller, og tok dei ikkje av når eg køyrde nedatt heller. Dei glid ganske bra, og skaren var så hard at det var greitt med litt skrubb. Dette er jo ingen spektakulær topp, men du verda så flott utsikt denne perfekte fredagskvelden på tampen av april. Såg Gaustatoppen, Robekknuten, Brattefjøll og Bossnuten frå ny vinkel, alle fjell eg har vore på og har eit forhold til. Kveldslyset var eventyrleg, og eg rasta med ansiktet mot kveldssola. >>>

Kart    

Årets sving om Bislingflaka

Dato:
22.04.2021
Turtype:
Skitur
Turlengde:
2:07t
Distanse:
21,5km

Køyrde til Svartbekken etter jobb. Starta kl 1725, sol, noko vind og overraskande bra med snø. Hardt og isete kornsnø i skuggen, litt blautare i sola, men på heimvegen var det frose på. Gjekk med nokolunde feste opp til Gjerdingen, og så opp til Bislingen for å nyte den vårlege kveldssola. Stakk bortom toppunktet. Møtte ein turgåar på beina med hund. Steinharde flotte skitrasear der oppe. Alt klisteret forsvann då eg ploga ned på skarpt og nifst føre til Gjerdingen igjen. Og strekket heim til Svartbekken var slitsamt - bakglatt og frosne spor er dårleg kombinasjon. Prøvde å skøyte der det gjekk an. 21,48 km, 563 hm, 2 t og 8 min. Gjekk aleine.

Kart    

Høgflaka på vårskitur

Dato:
17.04.2021
Turtype:
Skitur
Turlengde:
5:57t
Distanse:
42,6km

Eigenleg meint som ein langtur frå Mylla når forholda var så perfekte som i dag. Supre spor frå Myllsdammen til Spålen, ikkje ei sky, minimalt med vind. Gjekk isen ned Spålen, rasta ved Spålsdammen. Ikkje spor opp til Sandbekkmana, men tre stykke hadde gått før meg. Blei våt på føtene av å gå i våt laussnø. Greitt opp til toppen, flott utsyn, snøfjell i vest. Snøen bar, men vått topplag. Same vegen nedatt. Periodevis veldig vått føre på heimvegen. 42,57 km, knappe seks timar, 493 hm. Gjekk aleine.

Kart    

Tre toppar på Lifjell

Dato:
11.04.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
5:15t
Distanse:
15,5km

Været endra seg litt til det verre etter vi gjorde turavtalen, Hallgrim og eg. Men det blei flott tur likevel. Køyrde til Grimås, starta kl 1000, gjekk den første bratta på beina på knallhardt underlag. Det blei aldri varmegrader, og litt sur vind var det også heile dagen, og i 1300-tida skya det litt over. Vi gjekk til Blomtjønneggin først, så til Store Tjorbutjønni og opp til Årstaultjønni. Der rasta vi. Så opp til ryggen mot Grimaren, først den høgaste austre toppen, så den eigenlege Grimaren med spektakulært utsyn. Nedturen var bratt og krevjande, men vi kom greitt ned. Hallgrim raskare enn eg. Tykkjer vekslinga mellom knallhard skare og fokksnø er krevjande. Gjekk på fjellski med kortfeller heile dagen. Fem timar og 15, 15,5 km, 779 hm. Hallgrim var med.

Kart    

Den nesthøgaste Raudsinuten

Dato:
10.04.2021
Turtype:
Skitur
Turlengde:
3:09t
Distanse:
20,0km

Gjekk frå Breivatn til Gjeslemotjønni, så for første gong inn forbi Gjeslemonuten over vatnet innafor, og så opp til Raudsinutan. Vi gjekk opp på nabonuyen til den høgaste, og den er ikkje registrert som Pb-element, så her har eg strengt tatt juksa litt. Det var steinhard skare og for bratt, så vi tok ikkje sjansen på å gå ned og opp på nabotoppen. Får kome tilbake til sommaren, for nydeleg turmål dette. Cathrine var med. 20 km, 3 t og 10 min, 609 hm.

Kart    

Tre Seljord-toppar på rad

Dato:
03.04.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
4:54t
Distanse:
23,0km

Køyrde til Vierli. Tom og eg gjekk saman i 4-5 km. Så skildest vi, Tom fortsatte til Silkedalen, eg gjekk nordover forbi Skardstjønn og Kroktjønn og så opp mot toppen som på kommunekartet heiter Dalstaulnuten, men som er registrert utan namn på peakbook, eller tettare nordaust for Grunntjønn. Fin topp med flott utsyn i perfekt påskevær og -føre. Skare, skyfritt, nesten ikkje vind, litt trekk på toppane må ein rekne med. Så gjekk eg sørover omtrentleg same trase, før eg heldt mot aust opp til Brurenuten, 1205. Populær topp dette og høgast i dette fjellpartiet. Mykje folk rasta i lyngen rundt toppen, eg og. Så nedatt og på skaren over til sporet mot Fjøllstaul. Vel nede fortsatte eg mot sør og opp og over Sprettedalsnutan. Lenger framme gjekk eg oppom Heidalsnuten, 1104. >>>

Kart    

Vornuten på påskeføre

Dato:
02.04.2021
Turtype:
Skitur
Turlengde:
4:30t
Distanse:
19,3km

Køyrde til Breivatn, gjekk til Stvatjønn, Dømlaus og Nordbøkriklan. Tok så sørover til Kultankriklan og dinest opp til Homlitjønni. Rasta med Erling, Anniken og Tom + Ingrid B som vi møtte tilfeldigvis. Eg gjekk vidare til Vornuten aleine. Litt vind, elles flott vær. Føret rotna opp etter kvart, og klisteret var slitt av. La på nytt på veg tilbake, men det var også raskt borte. Gjekk difor litt kortare heimtur enn eg hadde tenkt. Om Myklevatn, så nedatt til Dønlaus og Breivatn. Gjekk så til Løkin og Kasin der Tom plukka meg opp med bil. 19,3 km, 592 hm, 4,5 time ute.

Kart    

Påsketur til Rust

Dato:
01.04.2021
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
13,3km

Klassisk Rust-tur i flott vær. Gjekk frå hytta til Dammen, så opp Bratsberg til Gåsevatn, rasta i Skavlen før vi tok toppstøtet. Nedatt gjekk vi vestover om Hovdestaul, og Erling hadde køyrd bilen vår dit, så det var deilig å køyre langs Gjevar heim. 13,3 km, 2 t og 30, 596 hm. Tom var med.

Kart