Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Hauknestinden

Dato:
01.07.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:15t
Distanse:
11,2km
Kart    

Dalselvtindan og Hauknestinden

Dato:
01.07.2020
Turlengde:
3:30t
Distanse:
11,2km

Køyrde til Dalselv for eg hadde fått tips om at turen opp til Dalselvtindan var fin.Det var den, og vel oppe på Veten, såg eg over på Hauknestinden, og fann ut at det hadde vore fint å gå bort til den toppen som trass alt er høgast og så gå ned til Hauknes etterpå. Ringte og avtalte henting på Hauknes, og gjekk så i veg. Veldig fint strekk, sjølv om det var ein heil del snøfenner mellom dei to toppane. Ei lita regnbyge på veg opp til Veten, ei sur haglbyge på toppen av Hauknestind, men elles heilt fint å gå. Då eg stod på Veten og titta ut Ranafjorden, steig det ei havørn opp frå under meg, inspiserte meg og drog så innover fjellet. Herleg! Brukte 3 timar og 35 totalt på 11,2 km. 958 hm er jo ein ordentleg tur. Gjekk aleine.

Kart    

Lovund i draumever

Dato:
28.06.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:00t
Distanse:
10,9km

Flott værmelding, så vi tok 10-båten frå Stokkvågen. Gratis når ein ikkje har med bil! Gjekk frå ferjekaia til Nøvbukta. Nydeleg stig og vakker sandstrand. Så ut langs høgre sida og inn i skogen. Det var ordentleg varmt, og vi skjønte fort at vi burde ha hatt med meir drikke. Nesten opp det seige skaret, bestemte dei to unge seg for å snu. For dårleg form, for varmt og for lite drikke med. Tom og eg klorte oss vidare. Sjølv om stigen blei betre og ein tanke mindre bratt då vi gjekk ut av skaret og over på den bratte lyngbakken, var dette strekket veldig seigt. Høge kneløft, og ingen kvileparti. Men viljen er jo det avgjerande, og då vi bikka kanten og såg den flotte grasbakken opp til varden, kvikna vi til. Lang rast, mat, resten av drikken, fotografering med hjelp av ein >>>

Kart    

Ytre Skurvhatten

Dato:
27.06.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:02t
Distanse:
6,5km

Overnatta på Hovde gjestegård i Brekstad. Nydeleg frukost i hagen, og dagen teikna til å bli varm. Då vi parkerte ved Heitjønna p-plass, viste biltermometeret 28 grader, og det surra fluger, klegg og brems rundt bilen. Tok med drikke, og gjekk langs merkt stig oppover. Litt plagsamt med all åten, men heldigvis var det litt bris i høgda, og det var nydeleg på toppen og langs ryggen. Var oppe på litt over 50 minutt, drakk og tok bilete og beundra utsynet, og så gjekk vi ryggen tilbake. Ut-appen viste stig, men den var så som så. Brukte 2 timar og 5 minutt inkludert pause. Perfekt med bad i Heitjønna då vi kom ned. 6,5 km, 2 t og 5 min, 383 hm. Tom var med.

Kart    

Reistadåsen på veg heim til Oslo

Dato:
21.06.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:54t
Distanse:
3,3km

På veg heim frå ausregn på hytta. Opphaldsver i Lier, så eg køyrde opp i Reistadlia, inst i Åsveien og følgde stig til utkikkspunktet, dinest gulmerkt stig nesten til toppunktet, skar ut i våt lyng og fann sjølve toppunktet greitt. Ein litt stor fugl sat rett ved bolten og flaug opp då eg var rett ved sida, burde vere flinkare med fugl, kan ikkje seie kva det var. Skar rett ned frå toppen til den fine skogsveien. Då eg skifta ved bilen, kom regnet til Lier også. 3,34 km, 55 min, 172 hm. Gjekk aleine.

Kart    

Rust

Dato:
14.06.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:36t
Distanse:
5,9km

Tom og eg gjekk raskt frå Dammen til Rust, nyvrekord for meg, 49 minutt. Brukte like lang tid ned, men vi gjekk den lengre ruta om Dritarkleiv, opp gjekk vi Kåbakkan. 5,95 km, 1 time og 40, 492 hm. Tom var med.

Kart    

Furufjell

Dato:
13.06.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:42t
Distanse:
4,1km

Fin sommartur til Furufjell med Erling, Anniken og Tom. 4,5 km, 1 t 41 inkl pause. 349 hm.

Kart    

På beina til Rust

Dato:
31.05.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:32t
Distanse:
5,2km

Gjekk på beina frå Øyvågsli for å unngå dei største snøpartia. Det gjekk fint, men traseen var tilnærma rett opp i dag. Dessverre var stigen opp frå Øyvågsli øydelagt av maskinell hogst. Litt å drikke på toppen. Litt vind i dag, så relativt raskt nedatt. 5,26 km, 481 hm, 2 t 38 minutt. Tom var med.

Kart    

Furufjell

Dato:
30.05.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:53t
Distanse:
3,9km

Gjekk på beina med nokre snødekt innimellom. Låg lenge i lyngen på toppen. 3,9 km, 1 t og 51 min. 306 hm. Tom var med.

Kart    

Blank føremiddag til Tysnessåto

Dato:
29.05.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
4,2km

Herleg tur opp frå Myrdal. Ikkje ei sky, heller ikkje vind. Konsentrert stigning, over 500 hm på 2 km! Gjekk nok ein liten snarveg oppover, nedover var det lettare å sjå stigen, opp så eg rett ned i bakken. Brukte 1 time opp. På toppen møtte eg eit hyggjeleg lokalt par som etter å ha fått ungane i barnehage og skole, hadde inntatt frokosten på toppen. Havet som ein spegel, kvite snøfjell inn mot landet, kjende att Svenningen frå i fjor, Tveitakvitingen frå i går og sjølvsagt Folgefonna. Var på toppen i ein dryg halvtime, og brukte ein knapp time nedatt. Møtte til saman fem turgåarar på veg opp. 4,2 km, 545 hm, 2,5 time inkludert pausen. Gjekk aleine.

Kart