Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Hægefjell pinseaften

Dato:
19.05.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:06t
Distanse:
11,3km

Nydeleg dag! Køyrde frå hytta til Fjonesundet. Rakk akkurat ferga over og så inn bomvegen til klatreleiren. Mange bilar og telt, og fleire klatrarar oppe i det blanke berget. Vi gjekk inn vegen, tok av stigen mot Hægefjell og følgde den til topps. Fleire folk ute på tur. Vi rasta lenge på toppen, og eg gjekk ut mot stupet mot søraust, der torde eg plutseleg ikkje gå ut på stupet og titte ned! Var aleine og visste kva slags avgrunn som venta meg. Irrasjonelt. Turen ned og heim gjekk greitt. Vi rakk akkurat fem-ferga. Deilig start på sommarturane! Tom og Marit var med.

Kart    

Forollhogna

Dato:
05.05.2018
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
9:30t
Distanse:
40,0km

Kart    

Bislingflaka i nykøyrde spor

Dato:
29.04.2018
Turtype:
Skitur
Turlengde:
1:06t
Distanse:
10,1km

Køyrde til Myllsdammen. Nykøyrde spor 29. april er ikkje verst. Gjekk løypa sør for Mylla, så opp Formo-løypa. Over Bislingflaka, bortom varden og så direkte ned til Myllsdammen igjen. 10,1 km, 1 time og 8 minutt, 257 hm. Tom var med. Turen gjorde at det førebelse stoppunktet på ski denne sesongen er på 1306, ny sesongrekord for meg.

Kart    

Nørdre Langsua på ski frå Espedalen

Dato:
21.04.2018
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
10:00t
Distanse:
44,0km

Fekk ingen med meg på denne turen, men drista meg av garde aleine. Køyrde frå Oslo kl 0700, starta å gå frå Espedalen fjellstue ca 1130. Varmt i veret, men noko vind. Gjekk på fjellski med fellar. Følgde spor til Gammelbulægret, og der rasta eg i ein hyttevegg. Drog rett over høgda mot vest, utan spor før meg. Litt betenkt for i fleire parti var det gjennomroten snø. Kom meg ned til Svarttjønnholet. Der møtte eg to karar med hund og pulk som hadde overnatta på Skriurusta DNT-hytte. Medan vi stod der kom to reinoppsynsmenn på skuter, og det var ei lette, for dermed følgde eg deira spor heilt fram til Skriurusta. Hadde eigenleg tenkt meg til Storkvolvbu, men Skriurusta er eigenleg det heilt perfekte startpunktet for Nørdre Langsua, så takk til skuterfolka som Førde meg dit. >>>

Kart    

Rust igjen

Dato:
01.04.2018
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:56t
Distanse:
10,0km

Kart    

Storegrønut

Dato:
30.03.2018
Turlengde:
6:13t
Distanse:
28,0km

Kart    

Rust aleine

Dato:
28.03.2018
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
4:25t
Distanse:
22,0km

Kart    

Porthøgda og Kikuttoppen

Dato:
10.03.2018
Turtype:
Skitur
Distanse:
43,8km

Gjekk frå Stryken om Daltjuven og Hakkloa, tracka frå Kikut. Totalt 44 km.

Brennetten

Dato:
28.01.2018
Turtype:
Langrennstur
Distanse:
11,8km

Slo på peakbokkappen då eg bestemte meg for å gå oppom toppen då eg var på skitur i Haglebu-løypene. Gjekk 20 km i dag og brukte 3 timar brutto. I går og forgårs ingen toppar, men mange fine skikm!

Kart