Vårskitur til Bislingen (15.04.2024)  6


Turtype Langrennstur
Turlengde 3t 27min
Distanse 26,0km
Høydemeter 410m
GPS
Bestigninger Bislingflaka (693moh) 15.04.2024

Køyrde til Myllsdammen og starta skituren kl 0950. Nydelege nykøyrde spor og flott vårvær. Kuldegrader om natta gav flotte forhold tidleg, gradvis tråare. Gjekk til Ølja og litt rundt omkring der først, så opp til Bislingen. Verkeleg heilt perfekt der oppe i dag. Målestaven viste 100 cm snø ved Formoløypeskiltet der oppe. Eg runda 1600 km på ski i år i dag. Har vel ikkje heilt gitt meg enno!
26 km, 410 hm, knappe 3 t og 30 ute. Fin rast oppe på Bislingflaka. Gjekk aleine.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.