Skorve på langs (26.07.2019)  6


Turtype Fjelltur
Turlengde 6t 30min
Distanse 19,4km
Høydemeter 1171m
GPS
Bestigninger Hestenutan (1281moh) 26.07.2019
Nordnibba (1364moh) 26.07.2019
Skorvetoppen (1370moh) 26.07.2019

Fekk ingen med meg, men Tom køyrde meg til startpunkter og plukka meg opp i Seljord etterpå. Super temperatur, 20-22 grader, passe mye lufting, så slapp insekt, sol heile dagen. Brukte 1 time og femti til Bøkretjønn, det var ca 6,5 km kanskje. Der møtte eg fire turgåarar som hadde starta tidleg og hadde vore oppe ved flyvraket og var på tur heim. Eg gjekk til varden på Hestenutan og hadde brukt 2 timar og 15 på dei åtte km. Så lang ned til Hestenuttjønni og opp att til Nordnibba. Etter tre timar og 40 var eg der, og tok nisterasten der. Så var det 3,5 km bort til Gøysen i supert terreng og på veldig god stig. Etter 5 timar og 15 km var eg på Gøysen. Strekket ned var lengre enn eg hadde tenkt. Nydeleg ned til tregrensa, men stykket i skog var langt og veldig bratt. 4,4 km som eg brukte ca 1 time og 40 på. Møtte ein kar på staulen Karlsstaul, fekk kaldt vatn frå utespringen hans. Herleg tur over heile Skorve, perfekte forhold å gå i, med unnatak for dei siste km, då det blei for varmt. 19,4 km, 6 timar og 35 brutto, 1171 hm opp, og 1305 hm ned. Gjekk aleine.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.