Kråkfjellet i all slags vær (30.03.2019)  3


Turtype Fjellskitur
Turlengde 4t 20min
Distanse 21,0km
Høydemeter 689m
GPS
Bestigninger Kråkfjellet (816moh) 30.03.2019
Køyrde frå Trondheim til parkeringsplassen ved Håen. Lyst oppholdsvær og kram nysnø frå i går. Vi landa på rubba langrennsski. Det fungerte ganske bra, men var litt for glatt oppover frå Kråklivollen. Vi var heldige og gjekk i skuterspor og sporkallspor heilt inn til Midflåvollen.

Der rasta vi i sola, og eg rubba skia mine litt djupare. Ikkje så smart, for is i rubben var eit faktum etter 5 minutt i laussnøen oppover. Heilt greitt med 10-15 cm nysnø, og litt avblåse innimellom. Meir og meir vind, så tåke, og til toppen gjekk vi blindebukk i whiteout og kuling. Svært kort pause med ryggen til vinden som kom frå sør. Pussig nok var føret mykje betre nedover, og vi kunne gli slake lier nedover, veldig deilig då sikten også blei betre. Tilbake i sporet gjekk det greitt ned til Kråklivollen. Men der kom det eit tett snødrev, og føret var glatt og slarkete. Kjendest fint at vi ikkje hadde prøvd på Rensfjellet på same turen, forholda tatt i betraktning. Men i godt påskevær og føre hadde det vore kurant. I dag 21 km, 689 hm, vi brukte 4 timar og 17 totalt. Anne og Eirik var med.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.