Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Trippel Bukkehøe

Dato:
13.05.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
8:45t
Distanse:
14,2km

Flott rundtur med Pappa og Iver over 3 Bukkehøer. link til GPS-spor: KLIKK HER

Veslebjørn

Dato:
24.04.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
5:45t
Distanse:
12,3km

Flott tur med Pappa i småruskete vêr. Kart: Klikk her

Kart    

Bukkehøe

Dato:
17.04.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
5:30t
Distanse:
12,9km

Flott tur med Pappa til Bukkehøe. Vêr og føre i toppklasse! Link til kart: klikk her

Kart    

Austre Nautgardstind

Dato:
14.02.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
6:15t
Distanse:
19,5km

TRYKK HER FOR KART Vi hadde lyst til å lufte randone-skia, men hadde ikkje akkurat tenkt oss på topptur. Minus 26 grader ved bilen og litt vind i høgda var ikkje heilt ideelt for langtur. Men det var ein flott dag og vi enda etter kvart opp på Austre Nautgardstind, som er ein flott skitopp.

Kart    

Rasletinder

Dato:
01.06.2020
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
6:24t
Distanse:
16,3km

Det er framleis bra med snø på Valdresflya, og vi avslutta vi pinsa med ein ettermiddagstur til Rasletind. Det flotte pinsevêret held fram og vi gjekk i shorts heilt til topps. Vi gjekk "sommerløypa" og det var greit føre opp til Øystre (2010). Det vart litt ski-bering ned frå denne fortoppen, og deretter greit opp til Rasletinden. På nytt litt bering ned frå toppen og så rusla bort til Sørvestre Rasletinden. Med sine 10 meter primærfaktor rager denne steinhaugen av ein topp høgt på lista over dei aller stusslegaste fjelltoppane i Noreg. Men dette skulle altså vise seg å bli Andrea sin topp nr 100 (2k 10pf). Vi kunne kanskje planlagt noko meir majestetisk blant kongerikets stolte fjelltopper, men topp er topp. Det blir feiring på Sentralen i Lom med det fyrste! Retur >>>

Kart    

Pinseparadis på Skeie og Østre Sokse

Dato:
30.05.2020
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
9:49t
Distanse:
15,9km

Superpinse på Sognefjellet med fantastisk vêr og føre. Dagens hovudmål var Skeie, og vi ville prøve oss opp snørenna frå Leirbrean. Vi gjekk opp til det lågaste punktet på ryggen mot Veslebjørn og parkerte skiene der. Så traverserte vi ut til høgre for å runde ein berghammar og så opp eit snøfelt . Snøfeltet gjekk etterkvart over i ei snørenne, som enda i ein kamin opp mot eggen. Kaminen var bar for snø, men hadde store og gode tak. Det var temmeleg bratt oppover, men det var heldigvis godt feste i snøen for både stegjern og isøks. Oppe på eggen tok vi av tauet, for eggen vidare opp mot toppen var rimeleg grei. Vi avla deretter vesttoppen eit lite besøk. Uproblematisk ut hit. Retur same veg attende til skiene. Vêret var stadig like flott, og det var for tidleg å køyre >>>

Kart    

Skagsnebb

Dato:
25.04.2020
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
6:19t
Distanse:
9,5km

Skagsnebb - ein av Jotunheimens finaste skitoppar? I dag klaffa i alle fall det meste: nydeleg vêr - nydeleg føre - nydeleg nedkøyring på tørr nysnø! Veldig folksomt i Leirdalen og på Hurrbrean i dag. Vel oppe i skaret mellom Skagsnebb og Bakaste Skagsnebb tok vi fatt på eggen mot toppen. Etter eit kort parti på bart fjell, tok vi på stegjern. Smal, luftig og fin egg, men greit å gå.

Kart    

Høvageltindan

Dato:
28.04.2019
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:30t
Distanse:
12,9km

Denne dagen var Leidalen i full vårløysing, og det rann vatn over alt. Når vi kom til Sletthamn, var vi så heldige og treffe Ole Jack som ga oss haik med beltebilen innover til Leirvassbu. Føret var ikkje så verst når vi kom inn til Leirvassbu, sjølv om snøen ble nokså mjuk utover dagen. Målet for dagen var Høgvagltindan. Vêret var litt vekslande, og det vart dårleg med utsikt på toppen. Likevel ein fin avrunding av vårski-sesongen.

Kart    

Oppryddingstur rundt Leirbrean

Dato:
19.04.2019
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
9:00t
Distanse:
19,7km

Fin rundtur med Andrea på Leirbrean der turmålet var å besøke topper som av forskjellige grunner har blitt ståande att ved tidlegare høve.

Kart    

Loftet

Dato:
27.05.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
7:30t
Distanse:
13,1km

Flott vårskitur med Andrea og Unn Kristin. Måtte bere skiene oppover Langranden eit stykke, men bra føre trass i at kalenderen viser 27. mai.

Kart