Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Pinseparadis på Skeie og Østre Sokse

Dato:
30.05.2020
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
9:49t
Distanse:
15,9km

Superpinse på Sognefjellet med fantastisk vêr og føre. Dagens hovudmål var Skeie, og vi ville prøve oss opp snørenna frå Leirbrean. Vi gjekk opp til det lågaste punktet på ryggen mot Veslebjørn og parkerte skiene der. Så traverserte vi ut til høgre for å runde ein berghammar og så opp eit snøfelt . Snøfeltet gjekk etterkvart over i ei snørenne, som enda i ein kamin opp mot eggen. Kaminen var bar for snø, men hadde store og gode tak. Det var temmeleg bratt oppover, men det var heldigvis godt feste i snøen for både stegjern og isøks. Oppe på eggen tok vi av tauet, for eggen vidare opp mot toppen var rimeleg grei. Vi avla deretter vesttoppen eit lite besøk. Uproblematisk ut hit. Retur same veg attende til skiene. Vêret var stadig like flott, og det var for tidleg å køyre >>>

Kart