Arkiv - dato
"Peakbookvenner"
Med Bergen Turlag på Folgefonna.
- Dato:
- 01.05.2015
Folgefonna Sommarskisenter opna på fredag, så då var det berre å ta drosje opp dit, på 1200 moh. Starta opp trasèen som går opp til ca 1450 moh. Strålande vær, og nydeleg føre der vi traska oppover mot det som ikkje vart høgste punktet på Nordre Fonna. Gjekk glipp av ein kommunetopp der. 600 m nedkøyring, før ny stigning opp til Fonnabu på 1449 moh, 10,5 t på tur.
Lørdag tur tvers over breen, med passering av Kvinnherad sitt høgste punkt. Flott utsikt i det nydelege veiret. Etter å ha døsa i 1,5 t i sola på ein knaus, gjekk turen tilbake til Fonnabu. Søndag gjekk turen mot Rosendal, etter å ha vore innom etne sitt høgaste punkt. Lang tur på 27 km, og rundt 2000 m unnabakke, så det vart nye 10 t før bilen venta. Ei uforgløymeleg helg, med perfekt veir og skiføre.
Fint på Hallingnatten
- Dato:
- 21.03.2015
På vei til Gardermoen blei det tid til ein avstkker til kommunetoppen i Nes. Tok av på bromma, og kørde opp til Flatvollen. Litt nysnø fra dage før, og flotte forhold. Den oppkørte løypa varte berre opp første stigninga, men greie spor vidare. Over nokre høgdedrag, og ned til reinsjøen. Langs denne var det oppkørt løype igjen, så kanskje kunne turen vore gjort litt kortare. Men på ein slik dag gjer vel det ingen ting. Vindstille, blå himmel og flott utsikt frå toppen. Mykje folk oppe, men dei fleste frå andre kanten. Ca 3 mil tur-retur, og 5 timar på tur.
Fin tur til Gyranfisen
- Dato:
- 08.03.2015
Køyrde oppover til Vikerkoia, på ei blanding av blank is og vårløysing, der grusen var framme.
Flølgde løypa frå Vikerkoia til Storesteinen. Fine spor i varmen, men trått føre i unnabakkane. Greit opp mot toppen, men godt med vind.