Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Raudberget

Dato:
27.06.2019
Distanse:
2,7km

Kart    

Storehaugen

Dato:
24.06.2019
Distanse:
3,0km

Kart    

Godtdalsnipa

Dato:
10.06.2019
Distanse:
10,7km

Veirmelding lova lettare utover dagen, men det var ein gedigen bløff. På vei innover dalen letta det rett nok opp, og inga skodde på toppen. Gjekk heilt inn til stølane, og opp langs elva. Dryg bakke oppover, før eg svinga litt mot nord, og så rett mot toppen. Då eg nermar meg toppen, tjukna det til, og oppe ved varden starta regnet. Skodda kom stigande, og det vart skikkeleg kaldt og surt. Valne fingra på returen, då hanskene låg igjen heime. Skikkeleg våt då eg var tilbake til bilen.

Kart    

Snøheia

Dato:
05.06.2019
Distanse:
10,0km

Flott tur etter jobb. Valgte å ta den frå sør, og køyrde inn anleggsveien frå Markeset. Starta litt forbi Lonestølen, opp langs Sjurdelva, til Sjurdvatnet. Vidare rett opp til Jemdalsnova. Framleis ein del snø i høgda, og islagte vatn. Vidare vestover i lett terreng til Snøheia. Fin utsikt mot Viksdalen og fjella mot Høyanger. Frå Snøheia same ruta eit stykke tilbake, før eg dreia mot sør, og etterkvart opp på Nova til dagens 2. 100pf. Herifrå kort ned til bilen på østsida. Kjekt å sjå at rypebestanden ser ut til å ta seg opp.

Kart