Hamlagrø2 (08.05.2022)


Turlengde 2t 36min
Distanse 8,3km
Høydemeter 533m
GPS
Bestigninger Krampane (972moh) 08.05.2022 19:09
Hamlagrøhornet (1083moh) 08.05.2022 19:41
Andre besøkte PBE'er Alexander Grieghytten (617moh) 08.05.2022 18:08

Etter ei helg med mykje god mat, gjorde det godt med èin skikkeleg tur.
Var ei lita runde med kona om formiddagen på truger, med varierande snøforhold. Vart litt
trakking på barmark no ‘og, men kommen opp om hyttefeltet vart det samanhengande snø.
Tok sikte på Krampane på veg opp, men var litt drygere enn eg forestilte meg.
Snøen vart fastere etter lenger opp eg kom, og temperaturen var på veg ned, saman med sola.
Fint og lett siste stykket opp, og vidare første stykket mot Hamlagrøhornet. Så vart det ei bratt oppstigning, før det flata ut, innover mot toppen. Flott kveld med lite vind, og sola som var snart nede. Flott utsikt til mykje fjell i alle retningar. I nord Stølsheimen, og i sør Fuglafjellet i Kvam, som eg har besøkt før. Prøvde på èin litt kortare veg ned, men vart litt bratt så det vart lite å spare. Kom meg akkurat over elva, før den opna seg lenger nede. Så då var det strake vegen tilbake til hytta.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.