Arkiv - dato
Lister jeg samler etter










Favoritturer
Favorittopper
Nibbeløpet
- Dato:
- 11.06.2022
- Turlengde:
- 1:52t
- Distanse:
- 20,8km
Spektakulær og seig halvmaratontrasé frå Geiranger sentrum til toppen av Dalsnibba. Flott arrangment og god bra heiagjeng i form av bobilturistar heile vegen til topps.
Lot ein ikkje heilt ukjent spanjol og reten av teten gå frå start og prøvde å finne eit leveleg tempo opp lia. Enda opp med å springe åleine heile vegen, og måtte kjempe hardt i motvinden før Djupvasshytta. Fekk plukka ei passering ein kilometer før mål og kom inn godt under målet på to timar. Hadde håpa på Topp 10, men mange sterke karar framfor sette ein stoppar for det. Får vel berre trene meir til neste år...
Stortuva
- Dato:
- 08.06.2022
- Turlengde:
- 2:30t
- Distanse:
- 15,1km
Søre Grøvelnebba og Dronningkrona
- Dato:
- 07.06.2022
- Turlengde:
- 5:37t
- Distanse:
- 20,4km
Ettermiddagstur på ein varm og fin junidag. Første besøk på Søre Grøvelnebba, og deretter over dalen til Dronningkrona. Relativt begredeleg skiføre både oppover og nedover - marginalt betre glid utan feller på... Heilt åleine til fjells i dag.
Neådalspiken, Neådalssnota og Storbekkhøa
- Dato:
- 22.05.2022
- Turlengde:
- 5:44t
- Distanse:
- 27,5km
Komplettering av Topper i Surnadal ≥ 100m pf.
Utfart av typen "planlagt impulstur" denne søndagen. Neådalspiken har vorte ståande som den siste som mangla i samlinga over toppar på "Surnadalslista". Med innlosjering på Oppdal og ei vermelding som plutseleg endra seg frå ganske trist til ganske bra, vart det (litt overraskande) muleg med ein tur for å få fullført lista.
Neådalspiken har ved fleire anledningar vorte passert på tur til og frå Neådalssnota, enten på grunn av tvilsomme snøforhold, store skavlar eller rett og slett på grunn av at turen har vore lang nok utan ytterlegare tilføyingar. Ruteføringa opp langs ryggen på sørsida var av relativt bratt karakter, men ikkje verre enn at det gjekk godt med ski på. Siste biten mot Neådalspiken N vart unnagjort med skia på sekken >>>
Dronningkrona
- Dato:
- 17.05.2022
- Turlengde:
- 6:17t
- Distanse:
- 17,1km
Dronningkrona på nasjonaldagen. Rikelig med norske flagg og turfolk ute i godveret, der dei fleste fekk ei strabasiøs ferd til toppen på hardt og isete føre tidleg på dagen. Betydeleg mjukare snø og god mai-forhold på heimvegen.
Nordom Storligrenda
- Dato:
- 01.05.2022
- Turlengde:
- 8:20t
- Distanse:
- 39,9km
Lang første mai-tur over hittil ubesøkte toppar. Godt ver og tidvis tungt skiføre med bra mengder ny tørrsnø. Utover dagen vart tørrsnøen solvarma og våt, som ikkje gjorde jobben særleg lettare...
Truleg eit av dei mindre besøkte områda i Trollheimen, og ein godt egna stad for den som trivst åleine på tur. Mektig naturopplevelse i Neådalen der ei ørn lydlaust glei gjennom ein snødekt dal på jakt etter søndagsmiddag.
Retur via Storbekkhøa der det vart nedkøyring i bollen på søraustsida.
Ytre Sula
- Dato:
- 27.04.2022
- Turlengde:
- 1:55t
- Distanse:
- 9,4km
Heilt på det jevne, både snø- og vermessig. Flatt lys og ikkje det store skiføret, men som alltid flott utsyn frå Sulå
Mohaugen
- Dato:
- 26.04.2022
- Turlengde:
- 4:16t
- Distanse:
- 13,6km
Grått er også ei farge. Dagens tur til Dronningkrona vart avslutta på knappe 1300 meters høgde. - snøbyger, lågt skydekke og absolutt null sikt. Tømte sekken for varme klede og satt ein halvtimes tid og venta på tilstrekkeleg sikt for å kjøre nedatt. Bestemte meg deretter for å svinge oppom Mohaugen S sidan det var ein solgløtt oppe i lia. Den solgløtten var borte med god margin innan eg kom opp, så dermed vart det ein god porsjon med venting her og. Kjentest ut som eg satt meir enn eg gjekk i dag... Jaja, det kjem vel ein godversdag igjen
Fremre Grynningshøa
- Dato:
- 21.04.2022
- Turlengde:
- 6:51t
- Distanse:
- 29,7km
Innsausa med faktor 50 og iført kortbukse og korterma var dagens turfølge på to klare for rundtur sør for Storligrenda. Ein vårdag av beste sort starta opp Grugguskaret, der vi tidleg kunne konkludere med at dagens arbeidsantrekk var eit godt val.
Etter å ha avlagt besøk på Lorthøer av ymse slag retta vi kursen sørover i retning Fremre Grynningshøa. Utvilsomt eit av Trollheimens flottaste områder vinters tid - som henta ut frå eit postkort med snødekte toppar så langt ein kan sjå.
Retur via Nonshøa, der vi kunne nyte nedkøyring i mjuk ettermiddagssnø. Ein lang og fin runde der både jakke, bukse, lue og vottar fekk liggje urørt i sekken.