Arkiv - dato

Lister jeg samler etter

Dronningkrona

Dato:
31.05.2022
Turlengde:
6:22t
Distanse:
16,7km

Kart    

Neådalspiken, Neådalssnota og Storbekkhøa

Dato:
22.05.2022
Turlengde:
5:44t
Distanse:
27,5km

Komplettering av Topper i Surnadal ≥ 100m pf. Utfart av typen "planlagt impulstur" denne søndagen. Neådalspiken har vorte ståande som den siste som mangla i samlinga over toppar på "Surnadalslista". Med innlosjering på Oppdal og ei vermelding som plutseleg endra seg frå ganske trist til ganske bra, vart det (litt overraskande) muleg med ein tur for å få fullført lista. Neådalspiken har ved fleire anledningar vorte passert på tur til og frå Neådalssnota, enten på grunn av tvilsomme snøforhold, store skavlar eller rett og slett på grunn av at turen har vore lang nok utan ytterlegare tilføyingar. Ruteføringa opp langs ryggen på sørsida var av relativt bratt karakter, men ikkje verre enn at det gjekk godt med ski på. Siste biten mot Neådalspiken N vart unnagjort med skia på sekken >>>

Dronningkrona

Dato:
17.05.2022
Turlengde:
6:17t
Distanse:
17,1km

Dronningkrona på nasjonaldagen. Rikelig med norske flagg og turfolk ute i godveret, der dei fleste fekk ei strabasiøs ferd til toppen på hardt og isete føre tidleg på dagen. Betydeleg mjukare snø og god mai-forhold på heimvegen.

Kart    

Nordom Storligrenda

Dato:
01.05.2022
Turlengde:
8:20t
Distanse:
39,9km

Lang første mai-tur over hittil ubesøkte toppar. Godt ver og tidvis tungt skiføre med bra mengder ny tørrsnø. Utover dagen vart tørrsnøen solvarma og våt, som ikkje gjorde jobben særleg lettare... Truleg eit av dei mindre besøkte områda i Trollheimen, og ein godt egna stad for den som trivst åleine på tur. Mektig naturopplevelse i Neådalen der ei ørn lydlaust glei gjennom ein snødekt dal på jakt etter søndagsmiddag. Retur via Storbekkhøa der det vart nedkøyring i bollen på søraustsida.

Kart