Arkiv - dato

Lister jeg samler etter

Neådalssnotå

Dato:
21.04.2020
Turlengde:
7:01t
Distanse:
32,2km

Det lugga vel litt i augelokka akkurat i det reveljen gjekk klokka 05:00 - men bur ein i Trondheim og vil nytte seg av finværsdagar i Trollheimen, så må ein tåle slikt. Sekken stod ferdigpakka i gangen, og straks termokoppen var fylt med litt svart gull var det berre å sette cruisekontrollen på passe mykje over fartsgrensa for å sørgje for ein tidleg start med ski på føtene. Med soloppgangen i ryggen og utan ein sky å sjå på himmelen, så var det ikkje veldig mange bekymringar med i baggasjen. Det einaste kunne kanskje vere om solfaktor 50 vart i knappaste laget. Klokka rakk så vidt å bikke åtte før det vart lagt i marsj på hardt føre etter klårversnatta. Lett og fint opp lia mot dagens første smultring, Fluren. Skremte i veg fleire flokkar med ryper som truleg måtte vore >>>

Kart    

Smultringar på Nerskogen

Dato:
20.04.2020
Turlengde:
3:28t
Distanse:
12,6km

Tre lettfordøyelege smultringar lengst aust i Trollheimen. Bomveg gjennom hyttefeltet på Nerskogen og parkering ved Minilla, rett bortafor taubanen. Absolutt ikkje behov for assistanse for å krysse Minilla, som låg med kvitlokket på. Fint og fast skiføre før sola fekk skikkeleg tak - og fin vårsnø på heimveg.

Kart    

Sørom Storligrenda

Dato:
19.04.2020
Turlengde:
6:57t
Distanse:
23,7km

Vervarselet for helga lova oss både sol og skredfare i stort monn, så da passa det bra å oppsøke slakt terreng i Storlidalen. Frå bilen på tur innover dalen kunne vi observere at ikkje alle hadde gjort seg opp dei same tankane som oss, og eit par skispor kant-i-kant med eit skred ned lia på nordaust-sida av Storhaugen lyste mot oss i morgonsola. Vi var dagens første ekvipasje opp Grugguskaret, og enda opp med å stort sett tråkke spor sjølv. Eit gårsdagsspor vart utprøvd, men forkasta grunna klabbeproblematikk. Som seg hør og bør vart det litt intensivt poseringsarbeid i det Innerdalsfjella åpenbara seg for alvor - slikt skal ein ta seg tid til i godveret. I staden for å vende opp mot Nonshøa (slik som resten av turfolket denne dagen), fortsette vi inn over vatna på 1209moh >>>

Kart    

Blåøret

Dato:
18.04.2020
Turlengde:
2:51t
Distanse:
16,9km
Kart    

Roksdalskammen

Dato:
11.04.2020
Turlengde:
3:17t
Distanse:
9,5km
Kart    

Syndre Knutshø

Dato:
10.04.2020
Turlengde:
2:38t
Distanse:
11,9km
Kart    

Stølen

Dato:
08.04.2020
Turlengde:
1:30t
Distanse:
6,3km
Kart    

Vassfjellet

Dato:
23.03.2020
Turlengde:
3:02t
Distanse:
17,3km
Kart    

Svorundfjellet og Roksdalskammen

Dato:
03.03.2020
Turlengde:
4:21t
Distanse:
12,9km

Flott rundtur med oppstart frå Klevgardan. Ski på sekk eit par korte parti opp til Svorundfjellet, og fin skikøyring nedatt frå Rokdsdalkammen.

Kart    

Slettfjellet og Kufjellet

Dato:
02.03.2020
Turlengde:
2:58t
Distanse:
14,1km

Labbing på middels skiføre og ikkje veldig inspirerande terreng. God utsikt med påfølgande brukbar nedkøyring frå Kufjellet.

Kart