Arkiv - dato

Lister jeg samler etter

Rundtur frå Jøldalshytta

Dato:
24.09.2019
Turlengde:
7:24t
Distanse:
38,5km

Starta dagen med å fyre primus i teltet ved Jølvatnet for å få varma ein nase som var ganske kald etter klårversnatta. Med ein halvliter kaffe i kroppen, morgonsola i ansiktet og joggeskoa stramt snørt bar det innover Svartådalen langs raudmerka tursti. Følgde skilting mot Trollheimshytta og etterkvart mot Geithetta. Godt merka sti som er umuleg å bomme på. Frå dagens første smultring, Geithøtta N, var det slutt på privilegiet med å kunne følgje sti og merking. Hadde på førehand plotta dagens knappenåler på GPS-klokka, så einaste navigasjonsutfordringa var å finne enklaste veg mellom punkta. Dagen vart brukt til nokre gode, og nokre ikkje fullt så gode vegval, mykje grunna snøfonner med dårleg bæreevne. Trødde gjennom og ned i steinur fleire gonger, men unngjekk dei >>>

Kart    

Tovdalsberga

Dato:
23.09.2019
Turlengde:
2:00t
Distanse:
14,1km

Kart    

Folddalen

Dato:
21.09.2019
Turlengde:
5:28t
Distanse:
28,7km

Når ein i det små har starta samlinga av smultringar i Trollheimen er det mange å velge mellom. Etter ein uversperiode der ein i sitt stille sinn lurte på om det nokon gong ville bli opphaldsver igjen vart det endeleg gjensyn med sola. Starta tidleg frå Trondheim i gråver og duskregn, men med lovnadar frå statsmeteorologane om at sola skulle kome når ein nærma seg heimtraktene. Det stemte bra, og ved ankomst Gråsjøen var det berre å finne fram solbrillene (og ikkje minst vindjakka). Lettløpt terreng og lettkjøpte smultringar i starten utvikla seg til å bli seigare etterkvart som kilometrane i lyng og myr rulla på. Tunge bein på siste del opp mot Tindfjellet, og sannsynlegvis ikkje det beste rutevalget nedatt, men snø uten bæreevne og halvglatte sva gjorde sitt til at det vart >>>

Kart