Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Bukkehåmaren-Høgdebrotet-Tjønnholstinden-Tjønnholsoksle

Dato:
01.08.2024
Distanse:
33,0km

Det var god sti til Bukkehåmaren og lett å gå vidare til Kvassryggen. Eg streva ein del med å koma opp siste biten før Høgdebrotet. Det er absolutt ikkje beste plassen å vera på når ein slit med høgdeskrekk. Så etter å ha prøvd ei stund, snudd eg. Men eg møtte heldigvis på ei tøff dame frå Bergen som eg gjekk saman med resten av turen. Mellom Steinflytinden og Tjønnholstinden var det ikkje lett å sjå kvar det var lurt å gå, og det vart klyving opp og ned og hit og dit. Det hadde kanskje vore betre å gå lengre ned. Frå Tjønnholstinden og vidare til Tjønnholsoksle og ned i Leirungsdalen, var det fint å gå. Stien nede i dalen var fin, men litt myr og vierkratt innimellom, og vi fekk problem med å kryssa elva. Så det vart ein lang dag, men når ein har supert turfølgje >>>