Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Høvageltindan

Dato:
28.04.2019
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:30t
Distanse:
12,9km

Denne dagen var Leidalen i full vårløysing, og det rann vatn over alt. Når vi kom til Sletthamn, var vi så heldige og treffe Ole Jack som ga oss haik med beltebilen innover til Leirvassbu. Føret var ikkje så verst når vi kom inn til Leirvassbu, sjølv om snøen ble nokså mjuk utover dagen. Målet for dagen var Høgvagltindan. Vêret var litt vekslande, og det vart dårleg med utsikt på toppen. Likevel ein fin avrunding av vårski-sesongen.

Kart    

Oppryddingstur rundt Leirbrean

Dato:
19.04.2019
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
9:00t
Distanse:
19,7km

Fin rundtur med Andrea på Leirbrean der turmålet var å besøke topper som av forskjellige grunner har blitt ståande att ved tidlegare høve.

Kart    

Tverrbytthornet

Dato:
09.08.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:45t
Distanse:
46,0km

Vi overnatta i telt ved Leirvantnet, og traske innover Kyrkjeglupen i fint vêr. Ved Troget tok vi av stien og sikta oss oppover mot toppen. Det var spredt varding, men vi endte opp med å finne vår eigen veg oppover steinurda. Mykje laust, men greitt å gå. Vi kom opp på eggen litt vest for Tverrbytthornet, og satte att sekkane der. Lettgått til topps, men no hadde utsikta forsvunnet i tåka. Så gjekk vi attende og vidare vestover eggen mot Vestre. Det vart etter kvart smalt og litt utfordrande. Det var fleire punkt med litt kliving og litt balansering før vi nådde Vestre. Denne toppen var som ei stor flat blokk, og Andrea nytte høvet til litt turning. Retur same veg!

Kart    

Loftet

Dato:
27.05.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
7:30t
Distanse:
13,1km

Flott vårskitur med Andrea og Unn Kristin. Måtte bere skiene oppover Langranden eit stykke, men bra føre trass i at kalenderen viser 27. mai.

Kart    

Steindalsnosi

Dato:
19.05.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
6:15t
Distanse:
9,7km

Flott tur til Steindalsnosi med Andrea. Litt hardt oppover det brattaste partiet opp mot toppen, og måtte ta av skiene her. Men ikkje behov for stegjern. Fantastisk utsikt frå toppen mot Hurrungane. Fin kjøring ned att. Kom oss så og si heilt ned til vegen.

Kart    

Nordre-/Vestre Bukkeholstindane

Dato:
14.04.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
9:48t
Distanse:
26,7km

Kart    

Veslfjelltinden og Bakarste Skagsnebb

Dato:
30.03.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
9:48t
Distanse:
18,2km

Påsketur rundt Hurrbrean med Iver og Andrea. Det var relativt kaldt når vi starta frå Geitsetra, men fekk kjapt varmen oppover. Dette var randonè-debut for meg og Andrea, så vi var litt spente på utstyret. Vel oppe på Veslfjelltind var både vêr og utsikt i toppklasse. Litt spontant bestemte vi oss for å legge returen om Bakarste Skagsnebb. Kom greit opp til skaret vest for denne - fantastisk utsikt her! Vi tok på stegjern i skaret, og dei kom godt med i eit lite bratt parti før vi kom opp på sjøve ryggen. Vidare lett til topps! Nedover att fekk vi testa køyreegenskapa til randonèskia, og det gav verkeleg meirsmak. Takk til Iver for triveleg turfølge!

Kart    

Nubberunda

Dato:
03.10.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:52t
Distanse:
14,0km

Etter ein lang tur og hyggeleg kveld på Glitterheim laurdag, var planen å besøke Aust-/Stornubben på tur utover Veodalen. Vi parkerte bilane ved Storkroken. Vi traska oppover i lettgått terreng. Etter kvart gjekk vegetasjonen over til steinrøys og vi kom opp til Austnubben utan stor dramatikk. Inge traska ned att, medan Knut Tønnes, Peder og Andrea fortsatte fyrst til "Aust for Austnubben", og deretter til Stornubben. Sant og si er vel denne turen finast på snørikt vinterføre, men alt i alt ein veldig fin dag til fjells!

Kart    

Glittertindrunda

Dato:
02.10.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
10:35t
Distanse:
21,4km

Gode kollegaer/eks-kollegaer på helgetur til Glitterheim denne helga: Peder, Inge, Karl, Knut. Med på lasset var også Andrea. Laurdag var målet fyrst og fremst Ryggjehøe. Vêret viste seg frå si beste side, og det gjekk greitt oppover mot toppen. Vi fortsatte over vidare ned på vestsida. Karl og Inge bestemte seg for å returnere til Glitterheim via Skautflya, medan Peder, Knut og Andrea sikta seg inn på Glitter-Rundhø. Vi ville også innom Vestre Glittertindoksle, som ingen av oss hadde besøkt tidlegare. Flott utsikt til nordveggen på Tind frå her. Returen gjekk via Glittertind, som for anledningen hadde fått rikeleg påfyll nysnø. Vi fekk flott kveldsol på toppen, og turen nedover gjekk i full fart på rumperacer. Avslutta dagen med triveleg kveld på Glitterheim.

Kart    

Snøhetta

Dato:
13.08.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:34t
Distanse:
14,7km

Årets familiefjelltur til Snøhetta. Vi overnatte i telt en halv kilometer frå Snøheim. Dei minste var bekymra for moskusbesøk i teltet. Etter ei nokså kald natt, varma sola opp teltet før frukost. Turen til toppen gjekk fint for store og små. Litt dramatikk vart det på tur ned når vi kjem til den gamle hytta der stigninga startar. Her har ei dame ramla i steinrøyse og fått hodeskade. Vi hjelper til å få bandasjert skada, og etter å ha vore i kontakt med AMK, blir det bestemt at ho skal hentast med helikopter. Nokre dagar etter at vi har kome heim att, får vi blomster på døra som takk for hjelpa. Det var ei triveleg helsing.

Kart