Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Homsknuten og Kjellsfjellet frå Dalavegen

Dato:
15.02.2020

Fin snøtur på beina normalvegen til Homsknuten, med ein liten avstikkar til Kjellsfjellet. På grensa til tungt med ca. 10 cm snø i høgda, men greit å følgja stien. Snaue 2 timar på tur.

Kart    

Forsøk på Almåsen frå Døvik og Kjortåsen frå Hellandsheia

Dato:
04.02.2020

Gjorde først eit forsøk på Almåsen frå Døvik denne finversdagen etter eit kraftig snøfall. Bar skia med opp traktorvegen, og dei kunne tas på eit stykke nedanfor Paddevatnet. Håpet var at det var skiterreng vidare innover, men det viste seg derimot å vera småkupert med lyngtuer, så det vart vendereis etter få hundre meter langs Paddevatnet. I staden gjekk vegen til Kjortåsen. Det vart ein sjeldan tung tur med snøvassing den korte normalvegen frå Hellandsheia. Umulig å følgja stien, så det blei ganske krevande i bratt og snødekt lende. Flott ver med solskin og framifrå utsikt, heile 32 år sidan sist!

Kart    

Nonsknuten, Middagsåsen og Øykjafjellet frå kraftstasjonen

Dato:
03.02.2020

Fin tur i snødrev over desse nærtoppane, ekstra ruskje med vind på Øykjafjellet. Opp merka sti frå Selemorkvegen med retur om Kalddalen.

Kart    

Tunglandsfjellet frå kraftstasjonen

Dato:
01.02.2020
Kart    

Førlandsåsen frå Dalavegen

Dato:
31.01.2020
Kart    

Gudbrandsfjellet fra Hersdal

Dato:
16.01.2020
Kart    

Sokkaknuten frå toppen av Leviksbakken

Dato:
10.01.2020

Flott kveldstur frå parkering ved Sisselstova. Akkurat ½ time opp og det same ned. Effektiv tur etter første gang gjennom Ryfast over Hundvåg i fredagsrushet. 1 ¼ time frå Mortavika til Jørpeland, neppe over timen når Eiganestunnelen åpnar.

Kart    

Sandvevarden fra Risdal til Li

Dato:
04.01.2020
Kart    

Medfjellsvarden heimefra

Dato:
01.01.2020
Kart    

Årets fineste turer 2019

Dato:
31.12.2019

Årets 5 fineste turer, kronologisk. 1: Sveigen på Haukeli , skitur med Øyvind og Guttorm i mars Link til turbeskrivelse . 2: Svartavassknuten i Jørpelandsheia , maitur med Øyvind Link til turbeskrivelse . 3: Travers av Slettmarkpiggen , pinsetur i Jotunheimen med Øyvind, Guttorm og Peder Link til turbeskrivelse dag 1 og turbeskrivelse dag 2 . 4: Travers av Skardstind , sommertur i Jotunheimen med Øyvind og Guttorm Link til turbeskrivelse dag 0 og 1 , turbeskrivelse dag 2 og turbeskrivelse dag 3 . 5: Alvaldsnuten i Etne , høsttur med Øyvind og Guttorm Link til turbeskrivelse .