Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Toppraid i søre Strand #4

Dato:
22.12.2020

Fin ettermiddagstur med utgangspunkt frå Stemvegen ved Bergsvika. Først greit opp på Nedrafjellet der eg fann fjellbolten på høgaste punktet i nord, etter først å ha vore på sekundærtoppen lenger sør. Støkte óg opp ein hjort, og var tilbake ved bilen etter ein god halvtime. Så gjekk eg inn vegen til Berge og busha bratt opp på Askjeliåsen frå vest. Her fann eg ein av få mulige trasear opp ei bratt renne, og så i kne-og skritthøg mose og lyng; kunne hatt god nytte av truger her! Fleire mulige toppunkt, bl.a. ei diger flyttblokk som truleg var høgast. Retur same veg ned det brattaste, og så eit stykke på traktorveg i retning Iglåsen. Greit opp frå (nord)vest her óg, og igjen fleire mulige toppunkt inkludert ei stor flyttblokk. Retur gjennom gardstunet på Berge og tilbake >>>

Kart    

Toppraid i søre Strand #3

Dato:
12.12.2020

Flott desembertur frå toppen av Leviksbakken til 4 toppar på pf≥50m lista for Strand, snaue 3 timar ute. Først bratt opp stien mot Sokkaknuten før eg tok av nordvestover, så bratt ned og opp mot Varen frå sørvest. 1 time til topps og som venta framifrå utsikt til alle kantar. Vidare til Viddasfjellet på 15 min før retur same veg. Stakk så oppom Levikåsen (1 time frå Viddasfjellet) før eg tok med meg Høgås på den andre sida av vegen (30 min. frå Levikåsen). Her gjekk eg på ein hjortejeger som låg på post på toppen, så det vart ikkje tid til å ta bilde. God bruk for GPS for å finna toppen her pga. det flate platået. Det vart mykje opp og ned på denne turen, snaut 750hm til saman.

Kart    

Toppraid i søre Strand #2

Dato:
11.12.2020

Desember og høveleg tid for eit raid på pf≥50m lista for Strand. Parkerte så nær som mulig og tok kortaste veg til topps, om lag 2 timar på tur inkludert kjøringa mellom dei. Hausvikkammen frå toppen av Sandviksbakken var fin, med toppunktet på ein markert knaus med litt utsikt. Furåsen og Skifteåsen nordvest og sørvest for Erlandsdalsvatnet var meir anonyme, og eg hadde venta å finna fjellboltar her. Vardafjellet på Idsal vart litt baskje pga. skumring og ein del skrentar på austsida. Godt det var kort å gå hit og at det var eit gammalt trigpunkt, sidan det var rett før lyset gjekk for dagen.

Kart    

Jærmannburet fra P-plass

Dato:
01.12.2020

Ifm. besøk på Nyhamna.

Kart    

Øksnanibba frå Hagalid

Dato:
28.11.2020

Fin novembertur frå Hagalid, litt over 3 ½ timar ute i fint, kaldt men litt vekslende ver. Følgte vegen og seinare stien mot Skomakernibba til me var oppe på snaufjellet, tok så om lag beint sørover til topps på Øksnanibba som har pf nr. 20 i fylket. Flott rundskue både over Ryfylkeøyane og innover i heia. Litt surt på toppen, men fin mat- og kaffipause i ei livdakrå. Heilt snøfritt igjen etter snøfallet for ei vekes tid sidan.

Kart    

50-årsfeiring på Flokehyttene

Dato:
24.11.2020

Koselig 50-årsfeiring med Olaug med en overnatting 24.-25. november. Gikk ut fra Mølstrevåg med hodelykter i ganske surt vær. Mørkt og ruskete novemberdøgn, og det ristet godt i hytta vår Tjodgerd. Retur etter frokost dagen etter.

Kart    

Syreneset fort og Syreglånå fra Skådel

Dato:
21.11.2020

Rask tur i Syreneset med Olaug før det satte inn med uvær. Her er en lenke til beskrivelse av radartypen som stod på Syreglånå: https://no.wikipedia.org/wiki/FuMo_214_%C2%ABW%C3%BCrzburg-Riese%C2%BB

Kart    

Toppraid i nordre Strand #7

Dato:
14.11.2020

Grå lørdags morgon og samling av toppar på pf≥50m lista for Strand. Først Sneisåsen og Varlandsåsen, to ganske fine toppar frå Kvamaheia, faktisk første gang eg kjørte over her på den dårlege vegen. Bushing til begge toppane frå parkering ved ei gammal driftsbygning, tidvis svært bratt opp til sistnevnte frå vest, men fin utsikt over Vostervatnet. Vidare ned til vestenden av Vostervatnet og til Eisåsen der eg parkerte ved eit gammalt forsamlingshus - sidan identifisert som Vatland bedehus - skreva over eit gjerde og busha til topps frå nordaust. Skikkelig sleip li oppover, og kratt og elendighet på toppen, dessutan ingen utsikt, men eg fann i alle fall fjellbolten. Vidare mot Fiskå til traktorvegen som går inn mot Litle- og Storemosen. Følgte vegen til eg var rett aust for >>>

Kart    

Toppraid i nordre Strand #6

Dato:
27.10.2020

Todelt toppraid på Tau, først flott utsiktstur i haustsol til Ugeliåsen frå improvisert parkering ved Monane-krysset ved Rv. 13. På god sti bratt ca. 200 hm gjennom verna eikeskog, med vassing i gulna lauv. Kjempeutsikt over Tau og Bjørheimsvatnet frå toppen, som heldigvis var så vidt over tregrensa. Ned att same vegen og vidare til parkeringa ved inngangen til Taumarka, med merking til Borgåsen, Marshovet og Taurafjellet. Eg derimot, skulle til den umerka Rossåsen i same retning, først på traktorveg eit stykke før eg tok av på dårleg skogsveg og sti nordover, som krongla seg oppover og nord for det skogkledde toppunktet, men ikkje til sjølve toppen. Urutinert hadde eg gått heilt inn hit i granskogen utan å ha med GPS, og den som måtte gjera vendereis bare ca. 100m frå toppunktet, >>>

Kart    

Toppraid i (nordre) Strand #5

Dato:
26.10.2020

Fin samletur i Holtaheia på pf≥50m lista for Strand. Parkerte ved bommen i enden av vegen og følgte god, men blaut sti til topps på Moldhesten og Ormakam før eg fortsette stilaust bratt ned på austsida og vidare nordaust til Lågehei. Her kryssa eg blautmyra sør for toppen og busha bratt, men greit til topps. Fekk ein liten regnskur her, ellers framifrå vêr med god sikt. Vidare søraustover i retning enden av bomvegen, men ikkje heilt ned på denne. I staden holdt eg høgda opp i Ulvaskardet og over Bakkalihumpane før eg fann ned på vegen og tilbake til bilen. Om lag 2 timar på tur. Då det ennå var litt dagslys att denne andre dagen etter at me hadde stilt klokka, gjekk turen til Heia og Åsen for ein liten avstikkar oppom Åsfjellet. Flott utsikt over Åsvatnet og Heia, 32 år >>>

Kart