Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
Lister jeg samler etter
Favoritturer
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Nordre Maradalstind og Styggedalsryggen
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Favorittopper
Raudberga og Simlenuten frå Sandvatnet
- Dato:
- 17.09.2022
Dag 2 av langhelg med utgangspunkt ved Sandvatnet, om lag 17 km og 8 timar på tur i fint, men vindfullt haustver.
Laurdags morgon vakna me makeleg ved Sandvatnet kl. 0820, men til litt småregn på teltet. Det var ikkje heilt uventa, for vermeldinga var litt gråare enn den strålande dagen før . Men dråpane gav seg alt til me skulle ha frukost, og planane om langtur til Raudberga og Simlenuten nordover og vest mot Kvanndalen var det ingen grunn til å endra. Til det var skylaget heldigvis for høgt. Med heile 10 km i luftlinje til sistnevnte var planen å ha med telt for overnatting om lag halvvegs; som tenkt, så gjort.
Kl. 0950 var me av garde på T-stien mot Holmavasshytta, men alt ved stidelet til Kvanndalen tok me nokså beint nordover og kom etter kvart opp i den flotte dalen der Tverråna slyngar seg nedover >>>
Storhellernuten og Skyvassnuten frå Sandvatnet
- Dato:
- 16.09.2022
Dag 1 av langhelg med utgangspunkt ved Sandvatnet, om lag 15 km og snaue 6 timar på tur i flott haustver.
Dette vart ei flott hausthelg lengst nordaust i Rogaland med hovudmål om å koma oss opp på dei gjenverande tre stortoppane over 1400 moh i dette hjørnet av fylket; Storhellernuten like aust for Sandvatnet og Raudberga og Simlenuten vest mot Kvanndalen og mykje lenger nord. Finver var ei klar forutsetning for tur i dette høgfjellsterrenget, og finver var meldt, rett nok med ein del vind frå nordleg retning.
Fredagen kjørte me til Sandvassdammen og kunne starta derifrå på makelege 950 moh kl. 1140. Sist me var her oppe i 2013 , var me på Fitjanuten, så det var helst på tide med eit nytt besøk. Denne dagen var målet så mange av toppane aust for Sandvatnet som mulig, og på denne sida hadde ingen >>>
Middagsåsen frå Målandsdalen
- Dato:
- 13.09.2022
Rask ettermiddagstur mellom regnbygene, 35 min. til endes på traktorvegen, 20 min. vidare til topps på Middagsåsen frå aust og ein times tid på returen.
Hammaren ovanom skardet aust for Middagsåsen, like under toppen, som var snøkledd og stoppa meg sist , var like uaktuell på fuktig haustføre, men litt lenger mot sør fann eg ein grei oppgang.
Ellers såg eg to kongeørner i luftig svev over Såta, akkurat som sist eg var der . Det lovar godt for hekking her i dette relativt kuperte og lite besøkte området.
Vassdalseggen fra Godthol/Kjela P-plass
- Dato:
- 03.09.2022
Førsteklasses finværstur, om lag 18 km, 750 hm og 7 ¼ timer ad normalvegen med en god pause på toppen. Et titalls ravner over Kistenuten og et enslig lemen stod for underholdningen. Ellers uvanlig mye folk på tur denne lørdagen, sikkert 25-30 personer til sammen, men vi fikk i alle fall være alene på toppen.
Jeg hadde gleden av å ha med kikkert, og mener at jeg kunne ta ut alle toppene i Rogaland over 1500 moh fra Vassdalseggen, det var jeg ikke klar over sist jeg var der. Se kartutsnitt med siktelinjer nederst, som bekrefter dette.
Jendemsfjellet fra Nosa P-plass
- Dato:
- 31.08.2022
2 timers kveldstur i fantastisk vær denne siste sommerdagen.
N. Midtmaradalstindar og Dyrhaugsryggen fra Tindeklubhytta
- Dato:
- 25.08.2022
Med «kun» de to Midtmaradalstindane utestående på 2000m-lista med pf≥30m for Jotunheimen, var planen lagt for la grande finale med ingen ringere enn Sondre «500fjell» Kvambekk som guide. Jeg synes jeg har kjent Sondre i årevis, helt siden vi var aktive på «Fjellforum» på 2000-tallet, og nå skulle det bli skikkelig kjekt å møtes i virkeligheten.
«Kun» er imidlertid et upassende ord dersom man ønsker å få med seg Store og Nestnordre Midtmaradalstind. Det er ingen åpenbart enkle oppganger til disse toppene, slik de ligger svært sentralt i Hurrungane, i alle fall ikke dersom man vil ha med seg begge på samme tur. Planen ble derfor lagt for bestigning av Store via Ringsdalen og Stølsmaradalsbreen med retur nordvestover Midtmaradalsryggen via pinaklene, Nestnordre og avslutning >>>
Lusabergknuten og Midtknuten frå Leite
- Dato:
- 20.08.2022
Leitebakkfjellet frå Solbakk/Songesand
- Dato:
- 03.08.2022
Siste feriedagen, etter store nedbørsmengder eit par dagar, skulle det verta såpass lette i veret at eg tok turen til Songesand for å få med meg siste gjenverande toppen med pf≥50m i området lansert som Preikestolen Nasjonalpark. Leitebakkfjellet ved Songesandstølen vart sett att då eg var på Kvelvaknuten og Beinafjellet i juni. Som den gangen vart vegen lagt opp den bratte Sunnmorkbrekka, og dei 425 hm frå bilen ved Solbakk gjekk verkeleg unna. Sidan eg kjende stien frå feilnavigeringa forrige gang, var eg oppe ved første tjødna (kalla Bustetjødna på kartet) etter kun 40 min. Då hadde eg hatt selskap av ein klagande, men sky rovfugl nedi brekka; eg vil helst tru at det var ein hønsehauk som kjende seg uroa på reirplassen.
Vel oppe av brekka følgte eg stien mot Songesandstølen nedover det slake dalsøkket >>>