Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Heståsen, Øykjafjellet og Flatafjellet frå Dalavegen

Dato:
23.10.2022

Fin ettermiddagstur med unntak av den delvis stilause nedgangen til garden i Dalen. På tide med ein tur til Øykjafjellet att, 34 år sidan sist. Snaut 1 ¾ time på tur inkludert 1,5 km ned att langs Dalavegen.

Kart    

Bratteliknuten frå Songesand kai

Dato:
22.10.2022

Stort skikkelegare enn dette kan ein ikkje gå til Bratteliknuten, med 800 hm netto og start frå fjorden på Songesand kai. Dette flotte massivet og høgaste toppen i Jørpelandsheia har eg kjent dragning mot sidan eg var der første gang i 1993 , og endeleg baud sjansen seg denne fine haustdagen så mange år etter. Den gangen gjekk eg aleine frå Preikestolhytta, ein tur som med sine opp- og nedstigningar om Neverdalen og Hengjane truleg byr på minst like mange lengde- og høgdemeter. Me starta frå Songesand kl. 0945 i fint og stilt haustver og fekk ein roleg etappe ut langs fjorden. Overraskande nok var Bakken folketom då me passerte der etter om lag 50 min, men på Myra traff me ein kar og hunden hans. Her inne var me óg på turen vår til Bratteli frå Preikestolhytta i 1998, og det såg ikkje ut til >>>

Kart    

Storøyna fra P-plass i øst

Dato:
21.10.2022

Rask kveldstur langs skogsveien sør- og vestover med et kort strekk med bushing til topps fra sør.

Kart    

Øytoppraid #2

Dato:
19.10.2022

Først to fine småtoppar på Åmøy med håp om å sjå Hidle og Strandalandet frå ein ny vinkel. Så Skjena på Rennesøy, som lett går inn blant topp 3 når det gjeld stusselege og bevokste toppunkt, kun overgått av Vårååsen ved Skjoldastraumen (soleklar nr. 1) og Rossåsen på Tau! Til slutt opptur med solnedgang på Vestbøvarden, høgast på Finnøy. Her skremde eg opp ein flott musvåk like nedanfor toppen.

Kart    

Øytoppraid #1

Dato:
18.10.2022

Toppraid på Mosterøy, og faktisk min første tur til Utstein kloster. Skuffa over kor urbanisert det var vest på øya, knappast råd å finna ein parkeringslomme, og forbudsskilt over alt. Men flott ver og ditto natur!

Kart    

Kreklingdyrnuten fra Prestegard

Dato:
11.10.2022

Kjapp tur om Hermodsholskardet. Iskald vind, skremte opp 7 ryper.

Kart    

Aust for Kreklingdyrflotte fra skisenteret

Dato:
10.10.2022

Om lag 1 ¾ time på tur uten nærmere tidtaking. Såg først en enslig rype, så en flokk på 12 i flukt, dessuten endel trost på trekk.

Kart    

Arbunuten fra Arbuvollen

Dato:
09.10.2022

Fin tur om Skåfonnbekken, 1147-toppen og Arbunuten, drygt 2 timer på tur uten nærmere tidtaking. Relativt tørt og mildt, en del trost på trekk.

Kart    

Smørviknuten og Råsanutane fra skisenteret

Dato:
08.10.2022

Fin, men kald runde på Vågsliheia med familien og Pelle 4 ½ mnd. Et par grader og iskald vestavind, snødryss over 1100 moh. En del trost på trekk.

Kart    

Frå Hengjane til Liarvatnet om Preikestolhytta og Mosli

Dato:
25.09.2022

Dag 2 av langtur gjennom Jørpelandsheia, om lag 16 km (derav snaut 2 km i bil) og 5 ½ timar på tur. Natta ovanom Hengjane etter den flotte langturen frå Liarvatnet dagen før, vart roleg med unntak av nokre kvinkande kattugler og besøk av ein gryntande hjort. Etter å ha vore oppe eit ærend midt på natta til ein overveldande stjernehimmel, vakna eg til lågt skydekke i 08-tida. Dermed skrinla eg både planen om å få med meg Bratteliknuten og heimtur om Godlifjellet og Svortingsvatnet. Etter frukost hadde skodda bare trekt seg lenger ned, og annan returveg en T-stien til Preikestolhytta var helst uaktuell. Men det var sju år sidan sist eg gjekk langs Skogavatnet på tur til Husafjellet , så det var ingen ting å syta med. Korleis eg skulle koma meg frå Preikestolhytta til bilen ved Liarvatnet fekk heller kverna i hovudet på vegen!