Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Kjeatofjellet og Lomafjellet frå Dalavegen

Dato:
04.12.2024

Flott rundtur på 3 timar frå Storåfoss, ikkje noko snø att i heia. Andre gang på Kjeatofjellet, denne gangen opp via sti frå nordvest og ned til Rovadalen. Så tok eg ein liten avstikkar til eit vardesett utsiktspunkt like sør for Rovadalstjødna og endå ein avstikkar til Lomafjellet som óg er eit førsteklasses utsiktspunkt. Ikkje liv å sjå unntatt ein ravn eller to.

Kart    

Middagsnuten fra Langedalen/Solfonn

Dato:
01.12.2024

Fin men våt tur på beina etter at den første snøen forsvant.

Kart    

Hilleslandsvatnet rundt heimefra

Dato:
23.11.2024

Fin snøtur! Sykla til vatnet, gjekk først ein sving om Heggheim og så om Hilleslandhaugen og Vassendedalen til Homravatnet, derifrå følgte eg vegen heim. Lite liv å sjå, men det var eit par hjortar ved Vassendedalen, akkurat som sist, og ein våk, truleg musvåk, ved Hillesland.

Kart    

Jærmannburet fra P-plass

Dato:
14.11.2024
Kart    

Varden fra Molde sentrum

Dato:
12.11.2024

Falnes/Trivarlia fort heimefra

Dato:
09.11.2024

Finversrunde om Hillesland og fortet. Såg ein del rovfugl; ei havørn, ein våk – truleg musvåk – og fleire haukar, bl.a. ein spurvehauk som herja med nokre skjorer. Dessutan var det ganske mykje trost og stare på trekk.

Kart    

Måheia og Tofjellet frå Bønardalen

Dato:
07.11.2024

Flott finverstur til Måmyra i anledning eit foredrag om dei allierte våpensleppa i Jørpelands- og Årdalsheia under krigen. Her oppe vart det nemleg sleppt ned ei gruppe fallskjermsoldatar med utstyr så seint som 26. april 1945. Turen min gjekk frå den nedre parkeringa i Bønardalen og opp den gode traktorvegen aust for myra, der eg trudde minnesmerket skulle ligga i enden av vegen. Via Hesthei og Måheia og eit par telefonar vart steinen med minnesmerket lokalisert mot enden av vegen vest for myra, like nedanfor toppen av Måheia. Etter retur til bilen etter 2 timar 35 min, var det framleis god tid til ein tur oppom Tofjellet som eg visste ville vera eit framifrå utsiktspunkt. Etter sokkebytte ved bilen gjekk det radig til topps langs veg og merka sti til vakkert rundskue; første gang >>>

Kart    

Skrivarvarden og Storesåt frå Liarlund

Dato:
27.10.2024

1 time 10 min på tur, såg fire små rådyr på svært nært hold i Liarlund.

Kart    

Grostølsnuten fra Vintertun

Dato:
20.10.2024

Flott tur i langt bedre vær enn forventet, om lag 9 km, 750 hm og 4 ¼ timer via den bratte vestryggen og med en god pause på toppen. Lite liv å se utenom noe trost på trekk og et dødt lemen.

Kart    

Rundtur om Histeinsnuten og Dyrskarheia fra Korlevolll

Dato:
19.10.2024

Minst 16 km, 900 hm og 8 ¼ timer på flott tur under skydekket, og med to gode pauser. Såg 3-4 lemen, en storfalk (trolig jaktfalk) i flukt, et par ravner, et par trosteflokker, et par sisikflokker og noen granmeiser. Kameraten såg også en flokk på mer enn 20 ryper. Mildt for årstiden og svært lite igjen av snøen som kom for noen uker siden.

Kart