Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Målandsheia på ski frå Målandsdalen

Dato:
05.12.2023

Flott tur frå Rv. 13 ved Boremyr, uvanleg mykje snø til å vera tidleg i julemånaden. Tung vassing på langfeller ein time opp til demninga i Sagåna. Minst 15 cm snø på traktorvegen, likevel såpass avblåst oppe på heia at skia skrapa nedi steinar både her og der. Det vart ikkje tid til å gå på Salane eller Bergeheia, men var oppom Målandsvatnet og Salaskardet, om lag 2 ½ timar på tur.