Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
Lister jeg samler etter
Favoritturer
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Nordre Maradalstind og Styggedalsryggen
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Favorittopper
Frå Glitterheim til telt på Skautflya via Storeglupen
- Dato:
- 11.08.1992
Første dag med dårleg ver på 7-dagars runden vår gjekk me stilaust gjennom Storeglupen til Skautflya. Det var heilt kurant å gå på høgre side av det nedre Steinbuvatnet og på venstre side av det øvre, men det var såpass vassføring i elva at me måtte jobba litt for å koma tørrskodde over.
Det var mykje ur å forsera og øvst i glupen ein del snørestar, men me kom oss greit opp på bandet som ligg på snaut 1900moh. Vel nede på Skautflya fann me oss ein strategisk teltplass, for det var nemleg lova lette i veret. Då ville me sjølvsagt ikkje la Glittertind stå uprøvd om det endåtil skulle bli toppver dagen etter. Og ganske rett – i løpet av kvelden kikka sjølvaste Galdhøpiggen fram i kveldssola – så kanskje det låg an til griseflaks for oss neste dag ?
Frå telt i Nedre Russglopet til Glitterheim
- Dato:
- 10.08.1992
Denne dagen var det delvis nye stiar for meg, mellom teltplassen i Russglopet og overgangen til Veodalen ved Austre Hestlægerhø. Framleis i finver med relativt høge skyer fekk me ein heller lett tur, og på Glitterheim nytta me like godt høvet og la oss inne på sovesal.
Om kvelden tok eg meg ein tur opp til Steinbuvatnet for å rekognosera litt før morgondagens tur , som me tenkte å legga stilaust gjennom Storeglupen. Dette mest fordi eg gjekk normalvegen gjennom Vesleglupen med mor og far for berre 2 år sidan .
Frå Gjendesheim til telt i Nedre Russglopet via Besseggen
- Dato:
- 09.08.1992
Sommarturen med Geir dette året gjekk til Jotunheimen, og denne gongen var Vegard med oss på ein ambisiøs 7-dagars runde. Med ungdomskort frå DNT med billig overnatting på sovesal og medbrakt 3-manns telt, låg alt til rette for mykje moro for pengane. Første natta la me oss i Fjällräven-teltet mitt på den flataste flekken me kunne finna ovanom Gjendesheim, til smellvakker utsikt over fjellsjøen.
Første skikkelege turdagen gjekk me over Besseggen – 3 år sidan sist for min del – og ei like fin oppleving no som då. Me skulle vidare til Glitterheim, så då var det sjølvsagt mykje å spara på å droppa turen nedom Memurubu. Det er jo noko av bonusen med telt sjølv om ein går på T-stiar, at ein kan velja rute så mykje friare. Me la difor vegen ned i Russglopet og fann ein >>>
Hengjane/Hengjanibba frå Preikestolhytta til Bratteli kai
- Dato:
- 01.08.1992