Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
Favoritturer
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Travers av Nordre Maradalstindar og
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Favorittopper
Oddavarden fra Korlevoll
- Dato:
- 08.03.2022
Rask ettermiddagstur i perlevær, før en bedre komlemiddag. Om lag 50 min. opp og 25 min. ned er raskt til å være "lofferen" meg.
Krunefjell, Husaheia m.fl. på ski frå Målandsdalen
- Dato:
- 03.03.2022
Så fint som veret vart utover denne vinterferien, måtte eg ta ein spontan feriedag, og vegen vart endå ein gong lagt til Målandsheia. Det hadde ikkje vore folk oppover traktorvegen sidan eg var der sist , men derimot hadde det frose på slik at eg fekk ein lett oppgang på langfellene. Bare 50 min. etter avgang frå bilen var eg derfor oppe ved demninga i Sagåna, og her var det som venta flott sol, men óg ein kald vind frå søraust. Eg måtte på med ytterjakken, og den var på heile resten av turen. Det same var kortfellene som hang greit på skaren, og heldigvis var det fast og fint, og ikkje gjennomslagsføre.
Eg hadde ikkje hatt heilt klar plan for denne turen, men i alle fall tenkt å starta vestover mot Krunefjell. Turen gjekk derfor opp til Målandsvatnet og vidare sørover mot toppen av Bergeheia. >>>
Forsøk på Middagsåsen på ski frå Målandsdalen
- Dato:
- 26.02.2022
Dette vart endå ein skitur til Målandsheia, men vermeldinga som lova sol og vind endra seg til overskya og vind, endåtil med litt nedbør. Vel oppe ved demninga i Sagåna var det såpass surt at eg valde å ta ein matpause og venta til snøbyga var over. Utan slalåmbriller var det ikkje triveleg å gå sørover med fokk beint imot.
Hovudmålet med turen var den lite prangande Middagsåsen som i alle fall må vera ein fin utsiktstopp, og så kanskje ein runde rundt Salane og tilbake om Grautabotn. Då byga var over, rann eg i fin og djup nysnø frå Prammaleitet nedover mot oppgangen til toppen. Det var småkupert, men så mykje snø at eg kom meg fram over alt; retteleg flotte forhold og endåtil i brukbart le.
Eg hadde studert kartet og på førehand kome fram til at den relativt bratte >>>
Geithaug, Aurfjellet og Dalshaugen frå Blikshavn
- Dato:
- 19.02.2022
Om lag 1 ½ time og 5 km på tur i vekslande kjølig ver. Retur om Peradalen og Austre Karmøyveg. Vel tilbake i bilen igjen begynte snøen å lava ned, og det enda med at det la seg 10-12cm våt snø.
Vardhusheia, Bergeheia og Salane på ski frå Målandsdalen
- Dato:
- 11.02.2022
Etter ein uvanleg sur og grå start på 2022 var det endeleg meldt ein halv dags flott vervindu denne fredagen, og eg bare måtte nytta høvet og ta fri frå jobben. Det låg nemleg óg an til skiføre på Målandsheia att etter ein periode med mildver. Turen vart derfor lagd opp traktorvegen frå Boremyr på lovande snøføre, og etter snaut 50 min. gange på kortfeller var eg oppe ved den nye demninga i Sagåna. Snøforholda her oppe var over all forventning, og nesten like fine som i fjor vinter. Brått opna det seg derfor mulighet for langtur, kanskje heilt til Vardhusheia att!
Det var ikkje spor etter anna enn dyr så langt, men eg hadde sett far etter både hjort, rådyr og truleg rev, i tillegg til at eg skremde opp ei kvitkledd lirype. Eg la vegen over brua nedanfor demninga og vidare >>>
Gråtinden og Tveitåsen fra vegen til Alstveit
- Dato:
- 05.02.2022
Drittvær meldt, og det måtte bli noen småtopper. Etter forrige tur til Såt hadde jeg svingt oppom Alstveit fra Hinderåvåg for å rekognosere for tur til skogkledte Gråtinden og Tveitåsen. Som flere andre valgte jeg derfor å starte fra en P-lomme på vegen til Alstveit for å kunne kombinere toppene på samme tur.
Det var faktisk fint oppholdsvær ved turstart, 1 grad og et tynt lag snøslaps. Med toppen av Gråtinden markert på GPS var det bare å bushe seg opp fra Alstveit og returnere samme veg. Som ventet ingen utsikt, men god trim i greit framkommelig skog, såvidt over 45 min. t/r bilen.
Den bratte og skogkledte Tveitåsen hadde jeg mer bange anelser for, og med toppen markert på GPS tok jeg strak kurs over noen hogstfelt. Var innom en sti og krysset en skogsveg, men valgte å ikke følge skogsvegen(e) >>>
Syreneset fort og Syreglånå fra Skådel
- Dato:
- 30.01.2022
Kort kveldstur til fortet for å gjenfinne lyskasteren, så en kjapp sving oppom Syreglånå.
For spesielt interesserte er lyskasteren å finne på posisjon 32 V 282587 6562451.
Såta frå Tysdal
- Dato:
- 26.01.2022
Fin gråverstur denne januardagen, der det vesle som var av snø for eit par veker sidan, var borte. Gjekk frå garden i Tysdal over flaumstore Grautåna og bratt opp mot Sallia mellom Såta og Nedre Daurmålsknuten. Det går eit tråkk her som nok har vore ein av vegane til fjells opp gjennom tidene, men det fann eg ikkje før eg var mest oppe av det brattaste partiet. Held ein seg til venstre for bekken frå Prammaleitet, kjem ein seg uansett greit opp.
Vel oppe i Sallia under Såta holdt eg mot venstre opp i skardet aust for toppen. Her bratna det til, og det vart nokre vegval, men ikkje verre enn at eg kom meg opp på det litt sleipe føret. Litt kvitt i form av hagl som hadde blitt liggande, kom eg ikkje borti før oppunder toppen. Her oppe på 425moh var det heldigvis framleis god sikt, >>>
Såt fra Sandvik
- Dato:
- 17.01.2022
Fin tur til Såt normalvegen fra Sandvik, om lag 40 min. opp og 1 ¼ time på tur. Fint og kjølig vær etter uvær dagen før, men ikke snø i denne høyden. Heller ikke dyreliv å se. Fikk konstatert at det var riktig av meg å snu under forrige forsøk , for det var drygt den siste km til topps. Ellers var det en fin overraskelse at utsikten fra toppen var så flott, tatt i betraktning at Såt ser ut som en skogstopp ved startpunktet, hvilket den ikke er.
Sandvevarden fra Li
- Dato:
- 10.01.2022
Rask tur oppom Sandvevarden igjen for å finne de fire fundamentene til Luftwaffes antenne e.l. som stod ca. 150m nord-nordvest for vardepunktet.