Frå Liarvatnet til Forenesvatnet om Longavatnet (13.03.2026)


Kart
Andre besøkte PBE'er Langavatnet demning (450moh) 13.03.2026

Endå ei helg reservert i Jarle si hytte ved Forenesvatnet, denne gangen med relativt dårleg vermelding. Det vart 2 timar 50 min på tur, relativt tungt i nysnø, med aukande mengde oppover mot Forenes- og Longavatnet. Det var såpass vassføring i Longavassåna at eg ikkje torde kryssa henne med full oppakning og valde derfor å gå heilt opp til stemmen. Som vanleg godt å koma fram!

Ved Småsilbekken. Hodna som pleier å stikka seg fram, er dekte av skodda
Ved Småsilbekken. Hodna som pleier å stikka seg fram, er dekte av skodda
Ved Uføresberget. Isen på Liarvatnet har losna frå land
Ved Uføresberget. Isen på Liarvatnet har losna frå land
Tilbakeblikk mot Tunglandsneset frå same staden
Tilbakeblikk mot Tunglandsneset frå same staden
Frå Klampen mot Grimsli
Frå Klampen mot Grimsli
Ved indre delen av Forenesvatnet mot Vardhusheia
Ved indre delen av Forenesvatnet mot Vardhusheia
Forenesvatnet sett frå hytta i søraust. Krunefjell dannar bakgrunnen
Forenesvatnet sett frå hytta i søraust. Krunefjell dannar bakgrunnen
Godt å vera ved stemmen i Longavatnet, då går det ikkje meir oppover!
Godt å vera ved stemmen i Longavatnet, då går det ikkje meir oppover!
Endeleg framme!
Endeleg framme!

Etter å ha fått lunk i hytta og hatt meg ein god middag, blei det ein ettermiddagstur på 1 ½ time. Hovudformålet var å finna ein trygg trasé over Longavassåna, noko eg greidde. Det gjer at returen ikkje treng å gå om stemmen i Longavatnet. Turen vart avslutta med ein sving oppom utsiktspunktet rett ovanom hytta.

Her let åna seg steingå, der ho deler seg i tre-fire løp. Knausane dannar bakgrunnen
Her let åna seg steingå, der ho deler seg i tre-fire løp. Knausane dannar bakgrunnen
Det nærmar seg kveld ved Forenesvatnet. Solknuten ligg under skoddelaget
Det nærmar seg kveld ved Forenesvatnet. Solknuten ligg under skoddelaget
Forenesvatnet sett frå utsiktspunktet ovanom hytta. Det er snart open råk heilt over til utløpsosen
Forenesvatnet sett frå utsiktspunktet ovanom hytta. Det er snart open råk heilt over til utløpsosen

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.