Frå Liarvatnet til Svartavatnet om Forenes- og Longavatnet (31.01.2026)
| Andre besøkte PBE'er | Langavatnet demning (450moh) | 31.01.2026 |
|---|
Endeleg – etter meir enn ein månad med mange minusgrader – var det trygt å gå på isen på Liarvatnet. Og med Jarle si hytte ved Forenesvatnet booka for helga, var det bare å legga ut på tur. Lørdagen sette me ein bil i Målandsdalen med plan om å avslutta der neste dag, og kjørte så rundt til Dalen. Det var meldt kaldt og fint vêr for helga, men kraftig austavind med både storm- og orkankast i høgda, så me var helst "rundkledde" ved turstart kl. 1020. Ein av oss nytta skeiser og to av oss broddar over vatnet, og det var ikkje fritt for at motvinden baud oss motstand. Det var óg tydeleg at isen innanfor Tunglandsneset var av det nye slaget – det er her inne vatnet er mest seinfrose.
På Forenesvatnet var det inga tvil om at isen var både gammal og trygg, og ein kjenning me traff som hadde kome over vatna heilt frå Bratteli-kanten, kunne fortella at det same var tilfellet på Longavatnet. Vel framme i hytta etter 5,5 km og 1 ½ time på tur, fekk me fyr i omnen og litt føde før me tok ut igjen i 1245-tida. Planen var at ein av oss skulle få med seg Liaknuten og treffa oss andre inne ved Svartavatnet. Me derimot, ville gå over isen på Longavatnet.
Som tenkt, så gjort, og me holdt lag opp i Ospeskardet rett frå Forenesvatnet, der me skilte lag. Med aukande snømengde kom skistavane mine til god hjelp her, men ski vurderte me aldri å ta med oss. Her såg me óg ei mus, men ellers var det knapt liv å sjå denne kalde og vindfulle dagen, utanom ein fossekall i bekken frå Svartavatnet. Ein del dyrespor var det derimot, i alle fall av hjort etter det me kunne sjå.
Me tok ned på tjødnane i Ospeskardet og vidare ned på Longavatnet der motvinden stod beint på frå sør og aust. Men me krumma nakken og pakka oss inn så godt me kunne og gjekk i land ved bekken frå Svartavatnet. Planen var å gå opp på dette bortgjømte vatnet her innerst i Jørpelandsheia, ta ein god mat- og kaffipause og venta på kameraten.
Turen opp til Svartavatnet kunne me for ein stor del ta i sjølve bekkefaret, som helst var attfrose. Oppe ved vatnet tok me oss opp på høgdedraget aust for utløpsosen og fekk dagens finaste utsikt, endåtil med solgløtt beint imot. Etter å gått ned på vatnet, rusla me litt forbi holmane, fann oss ei fin livdakrå og retteleg kosa oss på tur.
Me var heldige og traff kameraten som hadde hatt ein interessant tur over Liaknuten. Saman gjorde me vendereis over Longavatnet i heile sin lengde på 3 km, og det var ikkje fritt for at enkelte vindråser holdt på å blåsa oss av gårde. Etter å ha gått i land ved den gamle stemmen, tok me oss ned til hytta langs nordsida av vassdraget – til saman 10 km og 4 timar på både sjeldan og spennande istur i paradiset.




























Kommentarer