Geitatørne og Urhaugane frå Preikestolhytta (07.04.2020)

Kart
Bestigninger Geitatørne (548moh) 07.04.2020
Urhaugane (692moh) 07.04.2020

Dette var planlagt som ein kombitur til to gjenverande toppar inne ved Hengjane, nemleg den siste på pf≥100m lista for "nye Strand" og den siste sekundærtoppen min av noko betydning i Jørpelandsheia. Både Geitatørne og Urhaugane ville kreva stilaus bushing og dermed orientering, og finver var derfor ein forutsetning. Dette området er heller ikkje lett framkommeleg og dessutan med store høgdeforskjellar. Med det nylege snøfallet dei første aprildagane var det óg viktig at det ikkje var att for mykje snø i høgda, og då det vart eit par fine og varme dagar tidleg i påskeveka, var tida inne til å prøva.

Det gjekk på hellelagd "motorveg" til Neverdalskardet, så på den gamle og nå T-merka stien ned i Neverdalen. Det var ein kjøleg, men flott vårdag, og det var knappast snørester att under 550 moh. Det var full vårstemning i skogen óg, med syngande bokfink, måltrost, gjerdesmett, raudstrupe, ei ubestemt spette og endåtil orrespel.

Frå Neverdalskardet mot Neverdalen og Lysefjorden. Dagens første mål, Geitatørne, er midt i bildet
Frå Neverdalskardet mot Neverdalen og Lysefjorden. Dagens første mål, Geitatørne, er midt i bildet
Frå Indra Neverdalskardet mot Neverdalen og Neverdalsfjellet
Frå Indra Neverdalskardet mot Neverdalen og Neverdalsfjellet
Straks ved Skogavatnet med Bratteliknuten dominerande
Straks ved Skogavatnet med Bratteliknuten dominerande
Frå same staden mot Urhaugane og Husafjellet
Frå same staden mot Urhaugane og Husafjellet

Som alltid var det flott å koma så langt inn som til vakre Skogavatnet, men denne gangen var eg sjølvsagt mest spent på vegvalet utover til Geitatørne. Dette gjekk utruleg greit, og eg skal omtala vegvala mine slik: Først gjekk eg ikkje heilt ned til sørenden av Skogavatnet, men tok av frå T-stien 25 hm ovanom vatnet og holdt lett på skrå bort til lågaste punkt på ryggen austover mot toppen. Vidare fann eg nødlingar (små vardar) nesten med ein gang, og følgte desse rett opp og vidare austover ryggen. Nødlingane forsvann, men vegvalet vidare gav seg nokså sjølv. Eg holdt mellom to småtoppar, så ned til og nord for eit par islagde pyttar; her var det bl.a. eit stilig buldresva. Nå gjenstod bare forsering av det djupe hakket like nordvest for toppen, og dette let seg greit kryssa ved først å gå eit stykke vestover og så til topps via eit naturleg drag.

På veg mot Geitatørne med flott utsikt mot Lomstjødna og Neverdalsfjellet. Mindre dominerande Lepsafjellet går helst i eitt med sistnevnte
På veg mot Geitatørne med flott utsikt mot Lomstjødna og Neverdalsfjellet. Mindre dominerande Lepsafjellet går helst i eitt med sistnevnte
Her holdt eg rett fram, mellom dei to småtoppane
Her holdt eg rett fram, mellom dei to småtoppane
Ved denne pytten gjekk eg ned og til venstre
Ved denne pytten gjekk eg ned og til venstre
Buldresva
Buldresva

Kjekt å toppa ut ved siste varden på lista for "nye Strand" etter om lag 2 timar og i retteleg finver! Som venta var det ikkje kø av folk her inne, men derimot ei ubestemt ørn som holdt meg med selskap. Det vart ein rundtur på andre mulige toppunkt, og dessutan fann eg bolten etter det gamle trigpunktet som har stått ytterst, men tydeleg lågare enn varden. Det vart dessutan tid til ein kort matpause og orientering til kjende toppar og landskap, bl.a. Neverdalsfjellet og Hengjanibba som stakk seg kjennesleg fram i kvar si retning.

Fornøgd på Geitatørne!
Fornøgd på Geitatørne!
Flott utsikt over Lomstjødna med Troppeknuten dominerande
Flott utsikt over Lomstjødna med Troppeknuten dominerande
Typisk skrånande platå med fleire toppunkt på Geitatørne
Typisk skrånande platå med fleire toppunkt på Geitatørne
Mot Bratteliknuten og Hengjane. Lokalkjente vil jamvel dra kjensel på Hengjanibba
Mot Bratteliknuten og Hengjane. Lokalkjente vil jamvel dra kjensel på Hengjanibba
Frå det gamle trigpunktet med utsikt inn Lysefjorden
Frå det gamle trigpunktet med utsikt inn Lysefjorden
Ditto ut fjorden. Me ser bl.a. Neverdalsfjellet og Lysefjordbrua lengst ute
Ditto ut fjorden. Me ser bl.a. Neverdalsfjellet og Lysefjordbrua lengst ute
Mot toppvarden med Urhaugane, Husafjellet og Godlifjellet bakanfor
Mot toppvarden med Urhaugane, Husafjellet og Godlifjellet bakanfor
Forbi det djupe hakket før toppen på returen
Forbi det djupe hakket før toppen på returen

Herifrå såg det veldig langt ut til topps på Urhaugane, og det såg ut til å vera ein del snø over 550 moh, den høgda eg var på nå. Men greit tilbake på T-stien var det ikkje tvil om å freista lukka. Eg holdt framleis høgda 25 hm ovanom Skogavatnet og vidare i aukande snømengde så direkte mot toppen som eg kunne gjennom skogen. Heldigvis var det meir tørt land enn snø, og derfor ganske greit å gå utanom snøen til oppunder flaten på om lag 560 moh. Her oppe var det snødekt, men óg flott utsikt mot Troppeknuten og tjødnane nedanfor, og dessutan opp mot Urhaugane og Husafjellet. Dessutan var det reine påskestemninga med snø og solskin av beste merke.

Sol og herleg vårløysing på ei av dei mange myrene
Sol og herleg vårløysing på ei av dei mange myrene
Yrande vårliv i maurtua
Yrande vårliv i maurtua
På flaten nedenfor Urhaugane med utsikt mot Troppeknuten
På flaten nedenfor Urhaugane med utsikt mot Troppeknuten
Frå same staden mot toppen av Urhaugane
Frå same staden mot toppen av Urhaugane

Vidare til topps på Urhaugane gjekk det greit, for eg kunne finna ein sørvendt og nokså snøfri trase. Som navnet meir enn indikerer, var det sjølvsagt godt med stein og ur både i oppstigninga og på topplatået, men faktisk mindre enn eg hadde trudd. Kjekt å toppa ut ved den beskjedne varden og sjå kjende landskap på alle kantar. Eg tok óg ein rundtur og fekk med meg den framifrå utsikten mot Troppevatnet i sørvest. Hadde eg vore sikker på snøforholda, burde eg ha lagt returen vestover høgdedraget til 676-toppen Ørnaknuten og på vestsida av Troppevatnet, og dermed fått ein rundtur utav det. Men eg valde å kjøra safe retur der eg kom ifrå. Nedover var det ikkje så nøye å unngå snøen, så vel nede ved T-stien att var fjellsko og buksebein gjennomvåte.

Frå oppunder toppen av Urhaugane med tilbakeblikk mot Skogavatnet og Geitatørne
Frå oppunder toppen av Urhaugane med tilbakeblikk mot Skogavatnet og Geitatørne
Frå om lag same staden med vakker utsikt mot Troppevatnet, Moslivarden og Løknuten sentralt
Frå om lag same staden med vakker utsikt mot Troppevatnet, Moslivarden og Løknuten sentralt
Urhaugane ber navnet sitt med rette
Urhaugane ber navnet sitt med rette
Frå toppen av Urhaugane med utsikt mot toppane nord for Svortingsvatnet og Hengjanevatnet. Naganibba og platået ved Krokavatnet er kjennesleg med dei tre toppunkta i midten. Ellers ser me Heiahodnet og Revafjellet til venstre og Godlifjellet heilt til høgre

Frå same staden mot Husafjellet
Frå same staden mot Husafjellet
Lenger vest på Urhaugane med utsikt mot Troppevatnet og Moslivarden
Lenger vest på Urhaugane med utsikt mot Troppevatnet og Moslivarden
Frå same staden mot Buksetjødnane og Jørpeland med Barkafjellet kjennesleg i midten
Frå same staden mot Buksetjødnane og Jørpeland med Barkafjellet kjennesleg i midten
På returen med tilbakeblikk mot Husafjellet
På returen med tilbakeblikk mot Husafjellet
Nede på T-stien att med utsikt mot Geitatørne
Nede på T-stien att med utsikt mot Geitatørne
Flott vårdag i Neverdalen
Flott vårdag i Neverdalen

Ulempa med retur denne vegen er den snaut 200 hm stigninga til Neverdalskardet; slik óg denne gangen. Det var ikkje mykje kraft att i beina då eg endeleg var oppe. Virussituasjonen gjorde at eg nesten kjende meg attende til 90-talet ein slik fin vårdag. Då eg kom ned att til Preikestolhytta var det sikkert ikkje meir enn 30 bilar på parkeringa, og det var berre norsk og helst lokal dialekt å høyra på dei få eg traff på veg til og frå Stolen.

Det vart i alle fall fullklaff denne dagen, snaue 5 ½ timar på tur, minst 15 km og 1000 hm, og dessutan fullført pf≥100m liste for "nye Strand"!

Til slutt litt om navnet Geitatørne eller "-tødene" som det heiter på lokal dialekt, i alle fall frå gammalt av. Ei to er ei grasvaksen berghylle, gjerne der dyr vert "tekne" i skårfeste. Me kjenner andre lokale navn som Kjeatofjellet, Lammatoknuten og dessutan Tofjellet i Årdal. Går ein T-stien frå Viglesdalen/Stakken til Nilsebu, går ein langs Snetonå, "tonå som ligg på snei" (på skrå).

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.